Søknad om tiltak i sjø ved Halsa og Kanestraum ferjekaier


Høyringsfrist 09. august 2019 23:59

Statens vegvesen søkjer om løyve til å mudre, dumpe og fylle ut i sjø ved ferjekaiene i Halsa og Kanestraum.

Ved Kanestraum skal det byggjast ny dobbelpir og mudrast på begge sider av den nye piren. Det skal også plastrast med erosjonssikring.

Ved Halsa omfattar arbeidet reetablering av plastring, erosjonssikring og demontering av betong på den gamle kaia.

Tiltaka er planlagt utført i perioden januar-mai 2020.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til søknaden må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 9. august 2019.

Kontaktpersonar

Dokument