Høyring av verneframlegg for skogvern i Stordal kommune


Høyringsfrist 01. juli 2019 00:00

Fylkesmannen melder med dette lokal og sentral høyring av vern for eit nytt naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43.

Arbeidet gjeld eit område ved Yste Skotet på ca. 1680 dekar skog.

Området ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Høyringsfråsegn sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde,eller elektronisk på fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.