Søknad om løyve til mottak og mellomlagring av asfalt og betong i Fræna kommune


Høyringsfrist 22. juni 2019 00:00

Sylte Maskin AS søker om løyve etter forureiningslova, til å ta imot og mellomlagre asfalt og betong i Fræna kommune på virksomheta sitt pukkverk på Ås Steinbrudd, drifta av Vitrans AS. 

Det er aktuelt med eit årleg mottak av inntil 3000 tonn returasfalt og 2000 tonn bruktbetong på gnr. 19 bnr. 10.

Søknadsdokumenta er lagt ut på Sørviskontoret hos Fræna kommune. 

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 22.06.2019.