Utviding av Ørnakken naturreservat


Høyringsfrist 01. juni 2019 00:00

Fylkesmannen har no verneframlegget for utviding av Ørnakken naturreservat i Skodje kommune på høyring. Dette er i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Utvidinga omfattar eit areal på 231 dekar og totalarealet for vern blir omlag 4452 dekar.

Området ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Innspel til verneframlegget må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 01.06.2019.