Omsorgsprisen 2020

Omsorgsprisen 2020, Gunn N. Morstøl
Omsorgsprisen 2020, Gunn N. Morstøl

Fylkesmannen sin Omsorgspris er utdelt kvart år frå 2007. Prisen er no knytt til Omsorg 2020 og kvalitetsreforma for eldre « Leve hele livet».

Omsorgsprisen skal tildelast årleg i perioden til og med 2023. Den går til ein kommune eller ei kommunal tenesteeining for eit spesielt arbeid eller tiltak som legg til rette for meir berekraftige tenester i framtida. Det kan vere gjennom tiltak retta mot aldersvenleg lokalsamfunn, førebygging og betre kvalitet i tenestene. 

Alle kan sende inn forslag til Omsorgsprisen 2020, om du er tilsett, pasient, pårørande, eller på anna vis har kjennskap til gode tiltak i kommunen. Det er viktig at dei gode døma frå kommunane i Møre og Romsdal blir lyfta frem.

Forslag med grunngjeving må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Helse- og sosialavdelinga, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no Frist for innsending er 26. august 2020.

Sjå i brevet i høgremargen om kriteria som blir lagt til grunn i vurdering av prisvinnar.