Leve hele livet - ei kvalitetsreform for eldre

Leve hele livet
Leve hele livet (Foto: Helse- og omsorgsdepartemenetet)

I mai 2018 kom kvalitetsreforma “Leve hele livet” som har fokus på å skape eit meir aldersvenleg Norge. Tidlegare reformer har ofte handla om system . Leve hele livet handlar om menneske. Med denne kvalitetsreforma er målet å få ei meir gjennomgåande og lik helseteneste, uavhengig av kva kommune ein bur i.

Mål og målgruppe

Reforma Leve hele livet skal bidra til at – Meld.St.15

  • eldre får fleire gode leveår - kan meistre livet lenger, og ha tryggleik for god helsehjelp når dei har behov for det

  • pårørande kan bidra utan at dei blir utslitne

  • tilsetteopplever at dei har eit godt arbeidsmiljø, der dei får bruke sin kompetanse i tenestene og gjort ein fagleg god jobb                                                                                                                                              

  • Målgruppa er eldre over 65 år, både dei som bur heime og i institusjon. Dette er ei målgruppe med ulike føresetnadar og store variasjonar i behov og ønsker. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape eit meir aldersvenleg samfunn der eldre kan være aktive og sjølvstendige.

Innsatsområde                                                                                                                                                                                                                                                                                                                               Meldinga sitt  hovudfokus er å skape eit meir aldersvenleg Norge og finne nye og innovative løysingar på dei kvalitative utfordringane knytt til dei fem innsatsområda

  • eit aldersvenleg Norge

  • aktivitet og fellesskap

  •  mat og måltid

  • helsehjelp

  • samanheng og overgangar i tenestene.

På kvart av innsatsområda legg reforma fram fem utfordringar og fem forslag til løysningar, som alle viser til lokale døme. Løysingane som er lagt fram i denne stortingsmeldinga, er forslag til endringar som kommunane kan tilpasse til lokale forhold og behov i samarbeid med andre tenesteområde, frivillig sektor og andre aktørar i lokalsamfunnet.

 Gjennomføring og verkemiddel                                                                                                                                         Reformperioden  er frå  2019 til og med 2023, med ulike faser for planlegging, gjennomføring og evaluering.

 

  1. Førebuing og oppstart (2019)

Det første året skal Leve hele livet setjast på dagsorden i kommunane, fylkeskommunen, helseføretak og i samfunnet elles. Regjeringa har etablert regionale støtteapparat for reformperioden  samansett av fylkesmennene, utviklingssentera for sjukeheim og heimeteneste og KS.

  1. Kartlegging og planlegging ( 2019-2020)

Det er lagt opp til ein prosess der kommunestyra handsamar og vedtek korleis reformas løysningar kan innførast. Det er lagt opp  til at kommunane kartlegg eigne behov og utfordringar og gjennom politiske vedtak sjølv tek stilling til forslaga i Leve hele livet. Kommunane samanfattar sine vedtak om oppfølging av reforma i budsjett og økonomiplan med handlingsprogram, før dei sett reforma ut i livet

 

  1. Implementering og gjennomføring (2021-2023)

Når kommunar, fylkeskommunar og helseføretak har tatt stilling til forslaga i reforma og gjort greie for korleis  dei vil utforme dei, startar arbeidet med gjennomføring lokalt.

Kommunar som omstiller seg i tråd med reforma vil bli prioritert innanfor relevante eksisterande og eventuelle nye øyremerka ordningar.

 

  1. Evaluering og forbetring( 2023)

Reforma skal evaluerast gjennom følgjeforsking i eit representativt utval kommunar. Midtvegs i reformperioden skal det utarbeidast ein forskingsrapport for mellom anna  å kunne følgje endringane i kommunane, og ved behov justere kurs og verkemiddelbruk. Følgjeforskinga  skal avsluttast  med resultatevaluering av heile reforma etter 2023.

 

Fylkesmannen skal

  • koordinere det regionale støtteapparatet for reformperioden

  • saman med det regional støtteapparatet ha ansvar for spreiing og implementering av Meld. St 15 (2017-2018) Leve hele livet - i vår region

 

Det regionale støtteapparatet  (Fylkesmannen, KS og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester) skal

  • gje informasjon, råd og rettleiing

  • hjelpe kommunesektoren i å sette Leve hele livet på dagsorden i lokalt planarbeid, mellom anna gjennom kommunebesøk, fagleg rettleiing og nettverkssamarbeid. 

 

Milepælar

Innan 1. kvartal 2019

  • er det utarbeidd plan for gjennomføringa av "Leve hele livet"  i Møre og Romsdal, i samarbeid med det regionale støtteapparatet.

  • er det etablert eit formalisert samarbeid mellom Fylkesmannen, KS og utviklingssenter for sjukeheim og heimetenesta.

 

I Januar og februar 2019 skal

  • det  gjennomførast dialogmøte med alle kommunane i Møre og Romsdal

  • tilbakemeldingane frå dialogmøta vil bli eit viktig grunnlag for vidare planlegging