Førarkort

Alle som skal søkje om førarkort eller fornye førarkortet sitt, må fylle ut ei eigenerklæring om helse på trafikkstasjonen. Eigenerklæringa skal stadfeste at du er frisk nok til å køyre. Dersom du har ein sjukdom eller ein tilstand som kan verke inn på køyreevna, må du i tillegg få helseattest frå legen din. 

Dersom du er i tvil om du kan køyre trygt på grunn av helseproblem eller medisinbruk, har du plikt til å oppsøkje lege. Om ein lege, psykolog eller optikar meiner at du ikkje oppfyller helsekrava for å ha førarkort, skal han eller ho melde frå til Fylkesmannen dersom helsekrava ikkje vil vere oppfylte igjen innan seks månader. Fylkesmannen informerer politiet dersom førarkortet bør tilbakekallast heilt eller delvis. Politiet har også mynde til å gje tilbake føreretten.

Dei som skal ha førarkort i gruppe 2 og 3 må alltid ha helseattest frå lege.

Dispensasjon

Helsekrava til førarkort er tilpassa førarkortdirektivet i EU, og omsynet til trafikktryggleik veg tungt. Dersom fastlegen (eller ein annan lege) konkluderer med at pasienten ikkje fyller helsekrava til førarkort, er det svært vanskeleg å få innvilga ein dispensasjon frå helsekrava. 

Klage

Dersom du har fått avslag på ein søknad om dispensasjon, kan du klage på vedtaket. Fylkesmannen vil da gå gjennom saka på nytt, og vurdere om det er grunnlag for å endre vedtaket. Dersom vi opprettheld vedtaket vårt, sender vi saka vidare til Helseklage for ny behandling.

Vis meir


01.10.2019

Ofte stilte spørsmål om førerkort

Her finner du svar på ofte stilte spørsmål om førerkort. Klikk på spørsmålet for å komme til svaret.


Har du spørsmål?

Finn du ikkje svar på det du lurer på under "ofte stilte spørsmål?"

Da kan du ringe førerkorttelefonen:

469 04 810. 

Førerkorttelefonen blir besvart mellom kl 12:00-14:00 alle hverdager.