Apostillestempel på dokument

Oppdatert 21.03.2024

Legalisering er ein formalitet som kan vere nødvendig for at eit dokument utarbeidd av norske styresmakter skal få rettsvirkning i utlandet. Hos Statsforvaltaren kan dokumenta dine få eit apostillestempel, som er ei forenkla legalisering.

Kva er legalisering og apostille?

Kva land skal du bruke dokumenta i?

Krav til dokument som skal ha apostillestempel

Døme på dokument vi IKKJE kan gje apostillestempel

Slik går du fram for å få apostillestempel på eit dokument

Kva er legalisering og apostille?

Når du får legalisert eit dokument betyr det at du får stadfesta underskrifta til ein offentleg funksjonær, og at du også får ei stadfesting på at vedkommande har stillinga som er oppgitt i dokumentet. Du får dessutan stadfesta at vedkommande i kraft av stillinga si har rett til å underskrive eit slikt dokument.

Ei legalisering er betyr ikkje at du får dokumentasjon på at innhaldet i dokumentet er rett.

Statsforvaltaren kan gi dokumenta dine eit apostillestempel, som er ei forenkla legalisering. Utanlandske dokument må legaliserast i det landet dei er skrivne i.

Kva land skal du bruke dokumenta i?

Statsforvaltaren legaliserer dokument som skal brukast i dei landa som har slutta seg til apostillekonvensjonen. Dette er lista over land som er partar i Haag-konvensjonen om apostille.

Det er berre dokument i original, eller rett kopi stadfesta av offentleg styresmakt, som kan få apostillestempel. Mange dokument må først ha stadfesting hos notarius publicus før du kan få apostillestempel på dokumentet. Dette gjeld til dømes dokument som er skrivne eller stadfesta av statsautoriserte translatørar. Det same gjeld dokument som er skrivne av andre private yrkesutøvarar med autorisasjon frå det offentlege, til dømes advokatar, helsepersonell og revisorar. 

Mange dokument frå offentleg forvalting kan få apostillestempel utan at du må gå via notarius publicus. Dette gjeld til dømes dokument som har løvestempel og signatur frå skattekontor, politi, handelskammer osv. 

I Noreg er det tingrettane som er notarius publicus.

Krav til dokument som skal ha apostillestempel

For at vi skal kunne apostillestemple eit dokument, må dokumentet ha:

  • namn og tittel til vedkommande som har signert dokumentet, anten med trykte bokstaver eller blokkbokstavar
  • signatur (helst med blå penn)
  • embetsstempelet (som regel løvestempel) til den offentlege instansen som har skrive ut dokumentet

Statsforvaltaren kan ikkje hjelpe til med å omsetje til andre språk, men nokre offentlege instansar gir deg fleirspråklege attestar dersom du ber om det.

Det er Utanriksdepartementet som legaliserer dokument for bruk i alle land som ikkje er part i Haag-konvensjonen om apostille. Dokument som skal brukast i Norden, treng ikkje apostillestempel. Her er det nok med ei notarialstadfesting.

Døme på dokument vi IKKJE kan gje gje apostillestempel

Det er ikkje alle dokument som kan få eit apostillestempel:

  • ikkje e-postar/digitale dokument
  • ikkje kopi av dokument som manglar stadfesting frå tingretten (notarius publicus)
  • ikkje utanlandske dokument som pass og liknande
  • ikkje dokument frå land som ikkje har underteikna Haag-konvensjonen om apostille

Slik går du fram for å få apostillestempel på eit dokument

Dokument som treng apostille, kan du anten sende til Statsforvaltaren per post eller levere i resepsjonen. Du kan ikkje bruke e-post, faks eller liknande. Dersom du sender dokumenta i posten, ber vi om at du i eit følgeskriv opplyser:

  • kva land dokumenta skal brukast i
  • adressa vi skal bruke når vi sender dokumentet tilbake til deg
  • telefonnummer vi kan nå deg på dersom vi treng å kontakte deg

Denne tenesta frå Statsforvaltaren er gratis.

Vis meir

Servicekontoret vårt hjelper deg med apostille
Telefon: 71 25 84 30

I utgangspunktet er det notarius publicus (tingretten, Sysselmannen på Svalbard, Brønnøysundregistret, skipsregisteret og til dels lensmann) som blir bekrefta med apostille.

Statsforvaltaren kan bekrefte nokre andre offentlege etatar (som f.eks Skatteetaten). Det må ha eit offisielt stempel (rundt stempel) og vi må ha signaturprøva til vedkomande. (Dersom etaten har brukt eit vanleg bokstavstempel må dokumentet ha notarius publicus-bekrefting i tillegg før vi sett på apostille. Dette må du skaffe sjølv før du sender dokumentet til Statsforvaltaren ). Rett kopi utan notarial kan ikkje bli bekrefta med apostille.

Papira som du ønskjer stempel på kan sendast i posten til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, merka med apostille. Husk å skrive kva for land dokumentet skal brukast i, returadresse, og kontaktinformasjon. Saksbehandlingstida er som oftast i løpet av same dagen. Vi returnerer dokumenta som vanlig post. Vi sender ikkje dokumenta som rekommandert eller ekspress over natta.

Ved oppmøte sett vi på apostille mens du ventar.

Apostillen er gratis.

Statsforvaltaren bekrefter anna tenestemann si underskrift og stempel, vi er derfor ikkje avhengig av personleg oppmøte. Vi har signaturprøver frå dei aktuelle tenestemenn.

Vi kan og apostillestemple andre fylke sin notarius publicus, da vi har eit register for heile landet der dei fleste signaturprøvane ligg. Dersom ei underskrift manglar, må vi innhente den før vi set på apostillen.

Vi kan ikkje seie noko om kva for papir ein treng apostille på, dette er veldig forskjellig frå land til land, og må avklarast med staden der papira skal leggast fram.

For å sette på apostille må vi ha originalt stempel og signatur frå offentleg tenestemann, dokumenta kan difor ikkje sendast på mail, faks eller liknande (eller vere kopi). Ei apostille skal også leverast i original, og vil ikkje vere gyldig dersom den blir sendt på mail, faks eller liknande.

Apostillen er på engelsk.

Vi godkjenne IKKJE andre land sine dokument, sjølv om dei er skreve under av notarius publicus i det landet.

Notarius publicus = å notarialbekrefte. På engelsk: Notary Public

Servicekontoret vårt hjelper deg!