Diplom til Eidsvåg b/u skole og Midsund Montessoriskule

Fylkesmannen gratulerer dei to skolane som vi i haust nominerte til Dronning Sonjas skolepris for langsiktig arbeid med likeverd og inkludering.

Etter initiativ frå Dronning Sonja blei det i 2018 bestemt at dei nominerte skolane frå kvart fylke skulle få utdelt diplom.  Dette for å anerkjenne arbeidet dei gjer for likeverd og inkludering i skolekvardagen.

Det er berre ein skole som går av med sigeren på landsbasis, men dei nominerte fortener diplom og gratulasjon for arbeidet dei legg ned for systematisk og kunnskapsbasert arbeid med elevane sitt læringsmiljø der målet er at alle skal føle seg likeverdig, inkludert og få medverke i eit trygt fellesskap.

Det var Stigeråsen skole i Skien som til slutt vann prisen og fekk pengegåve, kunstverk og besøk av Dronning Sonja.