Informasjon om sentralt gitt eksamen i grunnskulen våren 2020

I vedlagte brev finn du informasjon om påmelding av elevar og forslag av fagpersonar i PAS-Eksamen. Periode for dette er 22. januar – 1. mars 2020. Vidare finn du informasjon om sensorskulering, fellessensur og skypemøte om eksamen.

 

På nettsida til Utdanningsdirektoratet, finn du generell informasjon om eksamen og administrering av eksamen. Her finner du informasjon om blant anna aktuelle datoar og oppbevaring av eksamensoppgåver/svar.
Rektor må minne faglærarar i dei tre sentralt gitte faga på 10. trinn om at dei i god tid før eksamen går gjennom årets eksamensrettleiing med elevane.

 

1. Påmelding av kandidatar i PAS–eksamen – frist 1. mars 2020

Sjå Utdanningsdirektoratets instruksjonsfilm om:

Vi presiserer at påmelding til eksamen føreset at kommunen har utført trekket av elevar og fag. Kommunen skal sørge for at trekket fordelar seg jamt på fag og skular over tid. Kommunen har også ansvar for trekket av fag og elevar for friskulane.

Påmeldingar etter fristen og brukarstøtte skal skje tenesteveg; skole, kommune, Fylkesmannen. Ver merksam på at ved etterpåmeldingar av elevar/fag etter 1. mars må skulen sjølv laste ned eksamensoppgåva frå PAS-eksamen. Kommunane har brukarstøtteansvar for skular og friskular i eiga kommune.

Dersom elevar bytter skule i perioden mellom påmelding og eksamen, må skulen syte for at eleven vert fjerna frå eksamensgruppa i PAS-eksamen. Den nye skulen kan då legge eleven til.

Kandidatar som er trekte ut til sentralt gitt eksamen i norsk, men som har fritak for vurdering i skriftleg sidemål, jf. forskrifta til opplæringslova § 3-22, skal berre meldast på i fagkoden NOR1415. Desse kandidatane skal skrive på hovudmålet sitt begge dagane, og oppgåvesvara skal vurderast av dei same sensorane. Kandidatane får ein samla karakter.

Bestilling av materiell til kandidatar med behov for særskild tilrettelegging skal gjerast i påmeldingsbiletet i PAS-eksamen innan 1. mars.

PAS-eksamen opnar for påmelding onsdag 22. januar 2020.

 

2. Sensur og forslag til fagpersonar – frist 1. mars 2020

Fylkesmannen takkar for fjorårets registrering av fagpersonar, og at skulane stiller lærarar til disposisjon for sensoroppdrag. Desse gjennomførte sensuren i 2019 på aller beste måte.

Deltaking i sensorkorpset er ei betydeleg kompetanseheving i vurdering for den einskilde lærar, og for skulen gjennom at lærarar med sensorerfaring kan nyttast til å kurse resten av kollegiet. I PAS-eksamen er det ikkje mogleg for rektor å gjere prioriteringar mellom lærar/fag. Ved spesielle ønsker/prioriteringar, send oss ein e-post, så vil vi prøve å ta omsyn til dette.

Fylkesmannen ønsker at flest mogleg skal få høve til å prøve seg som sensor. Vårt mål er å få ei blanding av røynde og nye sensorar, ei tilnærma lik fordeling mellom kjønn og ei geografisk spreiing.

Vi har ikkje kjennskap til alle fagpersonar som er foreslått. Rektor si kvalitetssikring er difor svært viktig for sensuren. Rektor må difor vurdere om fagpersonen:

  • har god innsikt i læreplanane og god vurderingskompetanse
  • er fagleg dyktig og har undervisningskompetanse i faget
  • har erfaring frå undervisning i avgangsklasse
  • er ryddig og har ein påliteleg veremåte
  • har god arbeidskapasitet og samarbeidsevne

Fylkesmannen ser ut frå statistikk at vi har kommunar/skular som ikkje har foreslått fagpersonar på fleire år, og vi oppmodar særleg desse til å motivere sine lærarar til å stille som fagpersonar. Ei oppmoding går også til vaksenopplæringssentra om å arbeide aktivt for å få sine lærarar til å stille som sensorar.

Oppdater skulen sitt fagpersonregister i PAS-eksamen i perioden 22. januar - 1. mars.

  1. Dersom fagpersonar allereie er registrert under fana «fagpersonar», må det hakast av for at dei skal bli foreslått som fagperson våren 2020. Sjekk at dei ligg inne med rett namn, telefonnummer og e-postadresse.
  2. Skal du legge til nye fagpersonar; ha personnummeret, telefonnummer og e-postadresse tilgjengeleg.
  3. Foreslå fag:
    - Fagkode for matematikk: MAT0010.
    - Fagkode for engelsk: ENG0012.
    - Fagkodar i norsk: Huk av for alle tre - NOR0214, NOR0215 og NOR1415.

Fagpersonar som vert plukka ut til sensoroppdrag vil få melding om dette i mars/april. Meldinga vert sendt direkte til fagpersonen frå PAS-eksamen til den e-postadressa/mobilnummeret som er registrert. Rektor vil også sjå i PAS-eksamen om fagpersonane som er foreslått er oppnemnt.

For å få på plass tolkingsfellesskap i sensorkorpset arrangerer Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med Utdanningsdirektoratet sensorskulering i dei tre sentralgitte faga på Thon Hotel i Kristiansund fredag 5. juni 2020, med felles middag og overnatting torsdag 4. juni.

Det er forventa at dei fagpersonane som vert oppnemnt til sensorar møter på sensorskuleringa.

 

3. Fellessensur

Fellessensurmøtet i vår eksamensregion er fastsett til onsdag 17. juni på Scandic Hotel Alexandra i Molde. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for alle dei tre faga.

Resultatet frå fellessensuren kan hentast i PAS så snart sensuren er gjennomført den 17. juni.

 

4. Om nettbaserte hjelpemidlar

Frå våren 2018 gjaldt nye, obligatoriske føringar for hjelpemiddelbruk til sentralt gitt eksamen i grunnskulen. Dei nasjonale føringane kan ein lese på udir.no (her). Føringane inneheld eit minimumskrav og eit øvre tak for kor mange nettbaserte hjelpemidlar som skuleeigar skal tilby alle sine eksamenskandidatar.

 

5. Skypemøte om eksamen

Fylkesmannen ønsker velkommen til skypemøte om eksamen og vurdering

  • 12. februar, kl. 10.00-12.00: For region Nordre og Søre Sunnmøre.
  • 14. februar, kl. 10.00-12.00: For region Nordmøre og Romsdal.


Her vil de få generell informasjon om eksamensgjennomføringa og ein oppfrisking av PAS-eksamen og PGS. Invitasjon er sendt til skulefagleg ansvarleg i kommunen som har ansvar for å legge til rette for at skuleleiarar frå offentlege og private skular med ungdomstrinn, samt vaksenopplæringssentra i kommunen får tilgang til møtet. Lenke til møtet vert sendt ut i slutten av januar.

Lukke til med eksamen 2020!



Brevet er også sendt til postmottak i kommunen v/skulefagleg ansvarleg. De er bedne om å vidaresende til

  • Offentlege og private skular med ungdomstrinn
  • vaksenopplæringssentra