Informasjon om eksamen og vurdering våren 2020

Alle skriftlege, munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar på 10. trinn og i vidaregåande skule er avlyst våren 2020. Privatisteksamen i vidaregåande skule og for vaksne i grunnskulen skal gjennomførast. Vitnemålsskriva er oppdatert.

Eksamen for privatistar

Privatisteksamenar skal gjennomførast. Utdanningsdirektoratet har laga ei informasjonsside for dei som skal administrere eksamen for privatistar våren 2020.


Standpunkt

Når eksamen er avlyst er det viktig å ha eit godt vurderingsgrunnlag for å sette standpunktkarakter og vi oppmodar lærarar og skuleleiarar om å prioritere vurderingsarbeidet framover slik at de har eit breitt vurderingsgrunnlag som viser den samla kompetansen eleven har i faget. Vi har laga ein eigen artikkel om standpunktvurdering.


Vitnemål

For elevar som får eksamen avlyst pga korona skal følgjande vitnemålsmerknad brukast på årets vitnemål i grunnskulen og i vidareåande opplæring våren 2020: VMM39: «Eksamen avlyst for elever våren 2020 på grunn av koronavirus».

Ellers viser vi til vitnemålsskriva for føring av vitnemål i grunnskule og i vidaregåande opplæring.



Sjå lenker i høgre marg.
Følg med på lenka til Utdanningsdirektoratet for å få den nyaste og oppdaterte informasjonen.