Søknad om mellombels utsleppsløyve for prosessvatn under rehabilitering av Ålesundtunnelane

Høyringsfrist:
8. september 2017 23:59

Statens Vegvesen søker om mellombels løyve etter forureiningslova til utslepp av prosessvatn under utbetring av Ellingsøy-, Valderøy- og Godøytunnelen i kommunane Ålesund og Giske. Arbeidet er planlagd å ta til i november 2017 og vil avsluttast våren 2019. Arbeidet omfattar mellom anna utviding av tunnelprofil for nisjar og havarilommar.

Publisert 01.08.2017

Drivevatnet vil innehalde boreslam, noko nitrogen frå sprengstoff og eventuelt noko olje. Vatnet skal reinsast i sandfang og oljeutskiljar, og leiast til utslepp i fjorden ved Furkenholmen og Kverve.

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkene til høgre på denne sida. Dei er òg lagt ut på servicetorget i Ålesund- og Giske kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir send til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde innan 08.09.2017.

Høyringsfrist:
8. september 2017 23:59

Dokument