Næringsutvikling

Fylkesmannen skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Fylkesmannen skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Planar og tiltak skal medverke til utvikling av landbruket

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. Fylkesmannen har ansvar for å utarbeide og gjennomføre regional næringsstrategi for landbruket.

Midler til utrednings- og tilretteleggingstiltak i landbruket

Fylkesmannen forvaltar midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar). Aktuelle søkjarar er organisasjonar, selskap og kommunar som skal utgreie eller leggje til rette for næringsutvikling. Tilskotet skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk, kan også få tilskot av UT-midlane.

Fylkesmannen har også ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for forvaltninga av midlar til rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.