Jordbruk

Jordbruk omfattar dyrking av plantar og husdyrhald. Jordbruksarealet i Noreg utgjer omtrent tre prosent av landarealet, og det er store variasjonar mellom fylka.

Fylkesmannen skal medverke til at jordbrukspolitikken blir realisert

Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre den nasjonale jordbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Fylkesmannens oppgåver innan jordbruk er i hovudsak knytte til forvaltning av tilskots- og erstatningsordningar.

Fylkesmannen gir råd og informerer om verkemiddelbruk overfor kommunane, forsøksringar og næringsutøvarar innan jord- og hagebruk. Fylkesmannen skal fungere som initiativtakar og pådrivar for verdiskaping og utvikling innan sektoren.