Landbruk og mat

Den viktigaste samfunnsoppgåva til norsk landbruk er å sikre nok trygg og variert mat av god kvalitet. Men landbruket medverkar òg til desentralisert busetjing og næringsliv over heile landet, miljøgode som bevaring av biologisk mangfald, kulturlandskap og dei karbonlagra som skogen og jorda utgjer. Landbruket speler òg ei viktig rolle for å vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur.

Det er eit politisk mål å halde oppe eit levande landbruk i heile landet. Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Fylkesmannen skal blant anna

  • gi råd og assistanse til kommunane
  • kontrollere kommunane
  • behandle klager på kommunale vedtak innanfor landbrukslovgivinga
  • arbeide saman med andre regionale etatar og organisasjonar for næringsutvikling innanfor jordbruk og skogbruk
  • arbeide for å nå nasjonale målsetjingar for omlegging til økologisk landbruk
  • arbeide for å avgrense nedbygging av dyrka og dyrkbar jord og skog

Fylkesmannen rettleier også kommunar, organisasjonar, næringsaktørar og bønder om moglegheitene som finst i det offentlege systemet. Fylkesmannen støttar opp under aktivitetar knytte til utvikling og bevaring av regionale matkulturar, kunnskapsoppbygging om mat og kunnskap om mat og helse, spesielt retta mot barn og unge.

Andre viktige offentlege aktørar innan landbruk er: