Kommunereforma

Regjeringa ønskjer eit sterkt lokaldemokrati, som gir folk og lokalsamfunn fridom og høve til å styre sin eigen kvardag og samfunnsutvikling. Reforma gir færre kommunar, og frå 2020 vil det vere 356 kommunar i Noreg. 

Færre og større kommunar skal gi betre kapasitet til å ivareta og vidareutvikle lovpålagde oppgåver, gi betre høve til å utvikle berekraftige og gode lokalsamfunn, og dessutan ivareta viktige frivillige oppgåver. Som eit generelt prinsipp skal reforma leggje grunnlaget for at alle kommunar kan løyse dei lovpålagde oppgåvene sine sjølve.

Regjeringa har desse måla for reforma:

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrkt lokaldemokrati

Proposisjon om ny kommunestruktur vart vedteken av Stortinget 8. juni 2017.