Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontora

Søknadsfrist:
1. februar 2019 23:59
Målgruppe:
Nav-kontora
Ansvarleg:
Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene
Kven kan søke:
Nav-kontora
Rapporteringsfrist:
1. februar 2020 23:59

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan gi tilskot med føremål å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav.

Publisert 17.12.2018

Ein vil kunne få tilskot primært for eitt år, men direktoratet vil likevel kunne gi tilskot i inntil tre år til same tiltak. I 2019 vil direktoratet særskilt prioritere tiltak som er retta mot:

  • Bruk av ordinært arbeidsliv.
  • Oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar.
  • Sikring av sårbare overgangar, som til dømes lauslating frå fengsel og overgang mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv.

Klikk på lenkja under for å lese heile utlysingsteksten og for å finne søknadsskjema:

https://www.nav.no/no/NAV+og+samfunn/Samarbeid/Tilskudd+gjennom+NAV/Tilskudd+til+kommuner+og+NAV-kontor/Kunngj%C3%B8ring+2019%3A+Tilskudd+til+utvikling+av+sosiale+tjenester+i+NAV-kontoret

Frå årsskiftet 2018/2019 vil Fylkesmannen i Hordaland inngå i eit nytt fylkesmannsembete, som heiter Fylkesmannen i Vestland. Nav-kontora vil kunne sende søknader om tilskot elektronisk til det organisasjonsnummeret som Fylkesmannen i Hordaland har i dag: 974760665. Eventuelt vil ein kunne sende søknader per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no

Brevpost til Fylkesmannen i Vestland kan sendast til: Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. 

Søknadsfrist:
1. februar 2019 23:59
Målgruppe:
Nav-kontora
Ansvarleg:
Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene
Kven kan søke:
Nav-kontora
Rapporteringsfrist:
1. februar 2020 23:59

Kontaktpersonar