Tilskot til ekstraordinære tiltak knytt til skrantesjuke (CWD) i Nordfjella

Beite- og sankelaga i Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud som vert påvirka av tiltak mot skrantesjuke (CWD) i Nordfjella, har høve til å søkje om tilskot til ekstraordinære tiltak i samband med skjerming av salteplassar mv.

Søknaden for slike tiltak må sendast på eiget søknadsskjema via Ål kommune til Fylkesmannen i Buskerud som sakshandsamar søknaden. Dette gjeld også søknader frå beitelag i Hordaland.
Vi oppfordrar dykk til å søkje så snart tiltaket er gjennomført, men seinest innan 31. august 2018.

Søknadsfrist:
31.08.2018 00:00:00
Målgruppe:
Beite- og sankelag i Hordaland
Ansvarleg:
Kari Elsa des Bouvrie
Kven kan søkje:
Beite- og sankelag i Hordaland

Kontaktpersonar