Tilskot til psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene 2018

Ordninga skal bidra til at alle kommunar har rekruttert psykolog ved innføring av lovkrav om psykologkompetanse i 2020.

Tilskotet er 400 000 kroner per 100 prosent psykologstilling. Kommunar som ikkje tidlegare har fått tilskot blir prioritert.

Søknadsfrist er 15.september 2018. Vi ber om at kommunar som søkjer om tilskot, nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn her: søknadsskjema.

Det skal fyllast ut eit søknadsskjema for kvar psykologstilling som det vert søkt om tilskot til.

Tilskotet skal styrke tilbodet til:

  • menneske i alle aldersgrupper med risiko for å utvikle, eller som har utvikla, problem      knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og/eller vald og traume
  • barn og unge som har vore utsette for vald og overgrep/traume og/eller som treng oppfølging for å gjennomføre skule og opplæring.

Regelverk og rettleiing til regelverket finn du under fana "Dokument". Meir om tilskotsordninga finn du på nettsida til Helsedirektoratet.

Søknadsfrist:
15.09.2018 23:59:00
Målgruppe:
Menneske i alle aldersgrupper med risiko for å utvikle, eller som har utvikla, problem knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og/eller vald og traume. Barn og unge som har vore utsette for vald og overgrep/traume og/eller som treng oppfølging for å gjennomføre skule og opplæring.
Ansvarleg:
Fylkesmannen og Helsedirektoratet
Kven kan søkje:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
01.02.2019 23:59:00

Kontaktpersonar

Lenkjer