Statens naturskadeordning

Illustrasjonsfoto (Statens naturskadeordning/NTB)
Illustrasjonsfoto (Statens naturskadeordning/NTB)

Den offentlege naturskadeordninga kan gi erstatning til reparasjon av skadar som direkte skuldast naturulukker som flaum, storm, stormflo og skred, men som ikkje blir dekka av privat forsikring.

Statens naturskadeordning blir forvalta av landbruksdirektoratet, og søknadar skjer digitalt på www.naturskadeordningen.no. Sjå vedlagte brosjyre for meir informasjon om ordninga, kven og kva den gjeld for, kva som må dokumenterast, saksgang med meir.