Tørkesommar i Hordaland og erstatning etter avlingssvikt

Føretak med vesentleg avlingssvikt kan alt no søkje om forskot på erstatningsutbetaling. Du bør setje deg inn i kva som skal til for å levere søknad, inkludert endringar i regelverket for 2018.

Tørr sommar

Hordaland har hatt den tørraste sommaren på fleire tiår, og mange gardbrukarar har fått kraftig reduserte grovfôravlingar. Resultatet for sesongen vil vere mykje avhengig av om det er innhaustingstilhøve for tredjeslåtten. Tilhøva på Austlandet og Sørlandet har vore enda verre, men òg i Hordaland blir det mange produsentar som manglar fôr og har både praktiske og økonomiske utfordringar. Det er difor gjort ein del presiseringar og endringar i regelverket for erstatning etter avlingssvikt.

Enkel sakshandsamingog ekstra kompensasjon

- Både kommunen og Fylkesmannen skal prioritere søknader om erstatning etter avlingssvikt. Det er mål om at sakshandsaminga skal vere ferdig innan utgangen av 2018 (presisert av Landbruks- og matdepartementet 6. juli.) For at rask sakshandsaming skal vere mogleg, er det viktig at søknadene er komplett fylt og at riktig dokumentasjon ligg føre.

- Det er mogleg å søkje om forskot inntil 70 % av førebels estimert erstatning (endring i regelverk 27. juli). Søknader om forskot kan bli sendt inn no før all avlinga er hausta. Søknadene blir ferdig handsama når søkjaren har sendt inn all informasjon om avlinga i 2018, når slåtten er ferdig og dyra har blitt sett inn.

- Produsenten skal sjølv måle opp fôrlageret og har ansvar for å gi opp riktige tal i søknaden. Kommunen skal ikkje delta i oppmålinga, slik det har vore krav om tidlegare, men gjennomfører stikkprøvekontrollar (endring i regelverk 23. august).

- Erstatningssatsen for grovfôr i føretak med husdyr blir truleg auka frå 3,85 til 5,40 kr per FEm, og maksimal utbetaling per søkjar blir auka (avtale 30. august, som forutset godkjenning i Stortinget).

Ei lang rekkje endringar som gjeld kornproduksjon blir ikkje omtalt her då det er minimalt med korn i Hordaland. Det er òg ulike endringar i andre regelverk og tilskotsordningar.

Årsakene til låg avling blir vurdert

I dei aller fleste kommunane i Hordaland skal det også i år bli vurdert om delar av avlingssvikten skuldast svak gjødsling, gammal eng, mykje ugras eller andre tilhøve ved drifta. I område som blir definert som «Tørkeområde» grunna den ekstraordinære tørken, skal årsaka til skade ikkje bli vurdert  (presisert av Landbruks- og matdepartementet 6 juli). I praksis gjeld dette likevel særleg Austlandet og Sørlandet og delar av Rogaland. Kvar kommune vurderer dette ut frå lokal situasjon.

Grovfôr til eigne dyr eller for sal

For føretak med eigne husdyr blir erstatninga berekna ut frå normavling. Det er presisert at normavlingane ikkje skal bli redusert etter naturgitte tilhøve med meir for kvart føretak, slik det har blitt gjort tidlegare år. I heile Hordaland er normavlinga sett til 540 FEm per dekar på fulldyrka jord og 430 FEm per dekar på overflatedyrka jord. Dersom du produserer grovfôr for sal, inkludert sal til samdrift du sjølv er medlem i, blir erstatninga derimot berekna ut frå dokumentert avling tidlegare år.

Avling frå heile sesongen

For å vurdere om eit føretak har rett på erstatning, blir all avling frå heile sesongen 2018 rekna med. Sjølv om det var krisestemning i Hordaland etter førsteslåtten, var dette i seg sjølv ikkje grunn til å søkje erstatning. For mange blei tilhøva noko betre utover sommaren, med litt regn til andreslåtten ein del plassar og mykje god vekst på tredjeslåtten. Søknad om erstatning blir ferdig handsama først når all avlinga på dyrka mark er registrert. Dette gjeld òg beiting på fulldyrka og overflatedyrka areal no utover hausten.

Ikkje erstatning for tørrsvidde innmarksbeite

Erstatningsordninga omfattar ikkje avlingstap på innmarksbeite, sjølv om ein gjerne måtte bruke mykje av hausta vinterfôr til fôring gjennom sommaren. For mange gardbrukarar i Hordaland ramma tørken verst på innmarksbeita, som gjerne er meir tørkeutsett.

Kven bør søkje?

- Dersom skaden i hovudsak består i tørke på innmarksbeite, er det ikkje aktuelt å søkje erstatning.

- Du må ha stor avlingssvikt for å kunne få erstatning. Det er eigenrisiko på 30 %, og avlingsnedgangen må difor vere større enn dette for å kunne få erstatning. For føretak med salsproduksjon av grovfôr må avlinga difor vere mindre enn 70 % av avlinga dei førre åra for å kunne få erstatning. For føretak med eigne husdyr må avlinga vere mindre enn 70 % av normavlinga før det blir aktuelt med erstatning. Dette gjeld når drifta er god. Med svak gjødsling, mykje ugras, gamal eng eller om ein ikkje har gjort det ein normalt bør rekne med for å førebygge tap, må årets avling vere endå mindre for at erstatning skal vere aktuelt.

Søknadsfrist er 31. oktober

Les meir i dokumentet Tips til søkjaren