Skogeigarsamarbeid og meir variasjon i granskogen

Bilete 1: Hogst i granbestand som skal overførast til blandingsskog med bøk. Begge treslag har ein subsidierande effekt og resulterer i eit større produktmangfald ved hogst. Turdeltakarane vart imponerte over detaljplanlegginga og gjennomføringa i tråd med planen.
Bilete 1: Hogst i granbestand som skal overførast til blandingsskog med bøk. Begge treslag har ein subsidierande effekt og resulterer i eit større produktmangfald ved hogst. Turdeltakarane vart imponerte over detaljplanlegginga og gjennomføringa i tråd med planen.

Prosjektet "Motiv skog" i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland arrangerte i november 2018 ein skogfagleg studietur til Thüringen. Her har skogforvaltninga konkludert med at eit vind- og barkebilleutsett skogbruk må endrast radikalt.

Bakgrunn for studieturen

Prosjektet “Motiv skog – eigedomsoverbyggande samarbeid” har målsetting om at skogeigarar skal samarbeide forpliktande, varig og heilskapleg om forvalting av deira skogar på tvers av eigedomsgrensene. Ein har fokus på tre pilotområde i Hordaland. Hogst, forynging, skjøtsel, skogsvegbygging og ivaretaking av viktige biologiske verdiar vert truleg enklare utan å verte opphengt i eigedomsgrenser. Skogforvaltinga vert truleg meir rasjonell, kunnskapsbasert og lønsam for skogeigarane om planlegging og gjennomføring kan gjerast over eit større areal, enn på kvar einskilde eigedom. Tiltaka må kunne vurderast frå skog til skog, ikkje frå eigedom til eigedom som stort sett er veldig små i areal på Vestlandet. Vurderingane om ei langsiktig skogdrift der skogeigaren sitt beste og samfunnet sine forventningar må harmonisere må takast av gode rådgjevarar.

Fylkesmannen arrangerte med dette som bakgrunn i november 2018 ein skogfagleg studietur til Thüringen. Her har skogforvaltninga - ThüringenForst - konkludert med at vind- og barkebilleutsette, rene granskogar må byggjast om til skogbestand der gran ofte er hovudtreslag, men samstundes fleire treslag vert integrert. Dette er ein kunnskaps- og teknologikrevjande driftsmåte som må forståast, lærast og vidareutviklast, fekk vi høyre. Dette krev eit godt samarbeid mellom skogeigarane og rådgjeving frå dyktige skogforvaltarar, noko ein har lukkast med i Thüringen.

Med på denne turen var skogeigarar frå Baldersheim i Fusa, men òg frå Voss og Etne kommune, statlege og kommunale skogforvaltarar, en taubane-entreprenør, representant frå Vestskog SA, ein vegplanleggjar, Skogkurs og NIBIO.

Etter våre ynskjer førebudde eit team frå ThüringenForst eit omfattande og variert skogfagleg program med både føredrag og ekskursjonar i skogen.

Stormen «Kyrill» i 2007 og påfølgjande skogsskadar vart utløysande for ei omtenking i skogforvaltninga i Thüringen. Skjøtsel av skog, treslagsamanseting og hogstform måtte radikalt leggjast om for ny skogetablering og skogar i utviklingsfasen. Framtidig klima, unormal tørke, langvarige varmeperiodar, meir vind, fleire barkebillekalamitetar og forventa skadepotensiale i granskogen fekk forvaltninga til å tenkje nytt.

Program for ombygging av skogen

ThüringenForst etablerte før rundt 6 år sidan eit program der hovudmålet er å gjere skogen meir robust mot klimaskadar for å hindre økonomisk tap i heile verdikjeda. For å oppnå dette stimulerer forvaltninga til m.a. innblanding av fleire treslag i reine granskogar. Slik minkar produksjonsrisikoen og skogeigaren kan utnytte verdiskapingspotensialet ulike treslag (edelgran, lerk, vanleg gran, bøk, lønn, douglas m.a.) har. Samstundes satsar ein om mogleg på naturforynging eller foryngingsformer som minimerer kulturkostnadane. Ein kan slå fast at klimaendringane er å sjå som den største pådrivaren for omlegginga i skogbruket for tida, men òg reiseliv/turisme eller samfunnet elles stiller høgre krav til skogeigaren, - forvalting og næringa.

Ny teknologi i skogen

Eit høgdepunkt var den såkalla TWinch i aksjon. TWinch vert brukt i bratt terreng for å støtte hogstmaskin og lassbærer (sjå bilete 2) slik at dei kan operere i brattare terreng meir effektiv og langt mindre skadegjerande på jorda. Maskina er festa med ein ståltau og får støtte med opp til 10 tonn frå vinsjen “TWinch”. I Noreg har to slike maskina blitt selt i 2018.

Deltakarane var engasjerte (bilete under) i diskusjonar med kollegar frå Tyskland.

Mange utfordringar ein har på Vestlandet (t.d. forynging etter hogst, tynning, hogst i bratt terreng, val av treslag, hjorte- og snutebilleskadar) er også godt kjente for kollegane i Thüringen.

 

Skogeigar Eivind Vik i Etne kommune synes det spesielt interessant at jakt er ein så pass integrert del av skogforvaltinga. Hjorteskadar i plantefelta er for han og mange andre skogeigarar eit stort problem. Han seiar: “Vi må skape balanse mellom viltbestand og skog – jaktuttaket må vere slik at det er mogleg å få opp skog igjen. Utfordringane er kanskje enda større hjå oss på grunn av dei store snauflatane”. Vidare legg han til at det er avgjerande “å byggje robustheit i forhold til vind i alle livsfasar – dette krev god skogskjøtsel gjennom heile bestandslivet”. Ikkje minst ønskjer han seg større mangfald av treslag i skogen.

 

Eivind fanga opp ein ide i Thüringen - å beskytte plantane med ull mot hjort (bilete - venstre).

Det statlege rådgjevingsapparatet i Thüringen deler kunnskap med dei private skogeigarane. Eivind synes at me er nøydt til å finne andre og betre løysingar om skogreisingsfelta på Vestlandet skal få meir enn eit omløp. Løyser me ikkje utfordringane knyta til fornying får me ikkje eit uthaldande skogbruk.

Vegplanlegger Ove Frotveit i FanAgro AS synes at me bør samarbeide meir på tvers av organisasjonane for å kunne utvikle næring knytt til skogsvegar slik me såg i Thüringen. Skogsvegar er meir enn berre transportårer for tømmertransport - dei har og stort potensiale for reiseliv og nærmiljøet. "Studieturen er gull verdt for å lære og oppdatere kompetansen”. Han seiar at “dei jobbar skogfagleg godt i Thüringen, gjennomtenkt, planlagt og samanhengande. Dette er viktig for å sleppe den akutte brannslokkinga heile tida.”

Konklusjon

Studieturen til Thüringen har gjeve oss nyttig kunnskap om drift og forvalting av granskog, samarbeid mellom skogeigarar, offentleg forvaltning, nye tekniske løysingar og ikkje minst, opna opp ein diskusjonen om korleis skogen bør utviklast i høve til dei klimatiske endringane me står ovanfor. I Thüringen svarer forvaltninga med å leggje om heile skogbruket, meir blanding av treslag, satsing på naturforynging, intensiv jakt av hjortevilt, forbod mot flatehogst og tilpassa tekniske driftsløysingar. Me får tenkje framover om me kan overføre noko av kompetansen og erfaringane hjå våre kollegaer i Tyskland.

Alle føredrag på turen vil leggjast ut etter kvart, sjå i høgremargen.