Første steg i "Motiv skog"

Større verdiskaping og betre skogskjøtsel gjennom samarbeid

Prosjektet «Motiv skog – eigedomsoverbyggjande samarbeid» har teke nokre første steg. Skogeigarane er einige om at samarbeid på tvers av eigedomsgrensene er positivt for næringa.

 

Status

Prosjektet er eit skogeigarinitiativ og er finansiert av Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland, som samstundes har prosjektleiarfunksjon. I løpet av våren gjennomførde Fylkesmannen fleire møte med skogeigarar i dei utvalde pilotområda på Voss, i Bergen og i Fusa. Desse samlingane var meint som første informasjons- og diskusjonsmøter der skogeigarane fekk sjansen til å seie frå om dette er av interesse for dei, og om  forventningar og bekymringar i samband med dette prosjektet.

 

Pilotområda 

Pilotområda er valde ut etter føljande kriterium:

  • Området har gjennomført eit vellukka skogsvegprosjekt.
  • Eit laust samarbeid mellom skogeigarane er etablert.
  • Området ligg i ein kommune der forvaltinga har kapasitet til å følgje opp skogeigaren med faglege råd undervegs.

Pilotområda er:

  1. Bontveit i Bergen kommune
  2. Baldersheim i Fusa kommune
  3. Nesthus - Øvre Seim i Voss kommune

 

«Det er på høg tid at dette skjer»

På møta med skogeigarane vart idéane bak prosjektet for første gang presentert for eit større publikum. Dette er eit prosjekt der innhaldet, framgangsmåten og potensialet ikkje er 100% spikra frå dag ein. Prosjektet må vekse undervegs i tråd med skogeigarane sine ambisjonar, interesser og moglegheiter.

Dette er «learning by doing» i praksis. «Miljø og kunnskap er knapt null», vart det mellom annet sagt på møtet i Fusa. Skogeigarane vil ha meir og allsidig kunnskap om skogen når klimaet er i endring, andre treslag enn gran står på ynskjelista og ungskogpleie er ei stor utfordring.

Tilbakemeldingane frå skogeigarane er veldig positive. Dei ønskjer prosjektet velkome, og har forventningar til kva meir samarbeid kan føre til. Investeringane i skogen vil gje større avkastning og dagens eigarar vil kunne gje velskjøtta skogar vidare til neste generasjon. Skogen skal då ha høg tilvekst og driftstryggleik i forhold til dei klimatiske utfordringane.

 

Samarbeidsavtalar

Neste skritt er å utarbeide ein samarbeidsavtale for veglaga som sikrar framgang i prosjektet og tek sikte på etablere ein fast samarbeidsform mot slutten av prosjektperioden. I denne fasen vil avtalen vere eit viktig verktøy for å engasjere skogeigarane i området til aktiv og forpliktande deltaking. Planlagde tiltak som til dømes hogst, forynging, skjøtsel og kantsoneetablering må vere uavhengig av eigedomsgrensene om prosjektet skal lukkast med sine mål. Geologien, geografien og vekstpotensialet må vere rettesnor for tiltak, ikkje tilfeldige eigedomsgrenser.

Eit utkast for avtalen vil bli lagt fram for skogeigarane rette etter sommaren.

Prosjektpådrivarane hjå Fylkesmannen ynskjer å styrke arbeidsgruppa i prosjektperioden med innleigd fagleg kompetanse. Skogbrukssjef i Bergen kommune, Mathias Göhl vil delta aktivt i arbeidet framover. God kommunikasjon og tett oppfølging er avgjerande for suksess. Gode skogfaglege og eventuelt alternative råd til dagens hogst-, foryngings- og skjøtselsregime må vere kunnskapsbaserte. 

«Nokon må ta initiativ», vart konklusjonen i Fusa. Vi gler oss til å samle nye erfaringar med dette arbeidet.