Landbrukskonferansen i Hordaland 2018 er gjennomført

Takk til alle som deltok på konferansen vår! Takk til gode føredragshaldarar, engasjerte deltakarar, flinke arrangørar og IKT-hjelparar. Sjå føredraga igjen når det passar deg.

Vi som arrangør er glade for å ha gjennomført nok ein gang den tradisjonsrike landbrukskonferansen i Hordaland. I år var vi lokalisert på Sandsli i Bergen. Konferansen i år hadde ein landbruksfagleg dag 1 og ein miljøvern-, plan- og landbruksretta dag 2 der fokus var kommunal forvaltning av vatn og vassdrag. Heile programmet kan du sjå i høygre margen.

Du finn alle foredraga frå live streamingen her, kunne vi denne lenkja. Du kan ikkje finne dei ved å søkje etter dei direkte på YouTube.

Frå 1.1.2019 er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og i Hordaland eitt embete. Vi kan her og no ikkje seie så mykje om forma av komande kommunesamlingar, men vi kan love at det vil bli også konferansar i framtida.

Akkurat no er vi interesserte i korleis dykk oppleve konferansen. Ver vennleg og svar på ei kjapp spørjeundersøking om innhald, form og totalopplevinga av landbrukskonferansen 2018. Klikk på evaluering nedanfor.

Dokument

Kontaktpersonar