Verdas beste ost

Gardsysteriet Ostegården og Jørn Hafslund slo til med siger, i konkurranse med bortimot 3500 ostar frå heile verda, under oste-VM i Bergen. Samarbeid er nøkkelen, seier vinnaren.

Foto: Åse Vaag

Ostegården er eit lite gardsysteri på Krokeide i Bergen. På garden er det 11 mjølkekyr. Jørn er lidenskapleg opptatt av ost. Han byrja med å lage ost for 12 år sidan og nyttar tradisjonelle oppskrifter og velutvikla metodar frå Frankrike og Nederland. Vinnarosten var Fanaost – ein lagra goudatype.

Suksessen for Ostegården, og for heile det norske miljøet av småskala osteprodusentar ein har fått dei siste åra, skuldast samarbeid, seier Jørn. Dette vart og framheva av tidlegare vinnar, Gunnar Vågen frå Tingvollost, som vart tildelt årets Ingrid Espelid Hovig matkulturpris for sin deling av kunnskap.

Fylkesmannen i Hordaland gratulerer Ostegården med ei fantastisk utmerking!

Kontaktpersonar