Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar for landbruket 2018 - søknadsfrist 15. oktober

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane (UTM) skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, herunder økologisk, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar, som matforedling, reiseliv og Inn på Tunet (IPT).

Fylkesmannen i Hordaland lyser ut etter utgreiing- og tilretteleggingstiltak innan landbruk og landbruksbaserte næringar for hausten 2018, med søknadsfrist 15. oktober.

Elektronisk søknadsskjema i høgremargen

Fylkesmannen vurderer UTM-søknadar i lys av Regionelt næringsprogram for landbruket i Hordaland (RNP) , og på grunnlag av dialog med Innovasjon Noreg og landbruket sine organisasjonar. RNP er oppdatert for forlenging ut 2018, i påvente av ny plan for planlagd region- og embetssamanslåing mellom Hordaland og Sogn og Fjordane frå 2019.

Tradisjonelle produksjonar

Prioriterte produksjonar er mjølkeproduksjon, sauehald, fruktnæring og skog og tre. I 2017 gjekk det mest tilskotsmidlar til større, regionale satsingar som Mjølkeprosjektet i Hordaland og produksjon- og marknadsutvikling innanfor frukt, men det vart også løyvd til lokale tiltak og landbruksarrangement, og spesielt næringsretta forskingsprosjekt.

Tilleggsnæringar

Dei viktigaste tilleggsnæringane er lokalmat (matforedling), reiseliv (inkl. servering og opplevingar) og Inn på Tunet (grøn omsorg). Utviklingsprosjekt innan lokalmat vert særleg vurdert etter den regionale lokalmatstrategien Vegval for lokal mat i Hordaland, og også sett i lys av satsinga knytt til Bergen UNESCO Creative City of Gastronomy, som partnarskapen vonar skal bli ein regional utviklingsdrivar for heile regionen. Aktuelle tema har vore felles produsent- og marknadstiltak, herunder lokale produsentsamarbeid og mobiliseringstiltak knytt til regional og lokale arrangement.

Ta gjerne kontakt med oss for dialog rundt søknaden!

 

Anna landbrukstøtte

Midlar til investerings- og bedriftsutvikling (IBU) er bedriftsretta midlar til bruksutbygging og -utvikling, som gardbrukarar kan søke hjå Innovasjon Noreg.

Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RULL) skal medverke til rekrutterings- og kompetansehevingstiltak i landbruket, som og styrker verdiskapinga. Ordninga vert forvalta av Hordaland fylkeskommune. Ei viss samfinansiering kan vere aktuelt der slike tiltak heng tett saman med  næringsutviklingsaspektet. Det er tett dialog mellom fylkeskommunen og Fylkesmannen i desse sakene. Søknadsfrist for haustrunden av RULL er også 15. oktober.