Endeleg Bybonde i Bergen

Bodil Fjelltveit, Bergen Bondelag og Ida Kleppe, bybonde i Bergen fra 2018, utenfor Lysthuset på Landås.
Bodil Fjelltveit, Bergen Bondelag og Ida Kleppe, bybonde i Bergen fra 2018, utenfor Lysthuset på Landås. (Foto: Liv Karin Lund Thomassen / Liv Karin Lund Thomassen)

Grønare fingrar, grønare by og supporterklubb for landbruket, er kjernesakene til Bybonden i Bergen. Ida Kleppe (38 år) frå Sunnmøre vart tilsett som Bybonde i Bergen denne veka, med Bondelaget og Bærekraftige liv som prosjekteigarar.

Lystgården på Landås, som er drive av organisasjonen Bærekraftige liv, skal vera eit ressurssenter for alle som vil drive bærekraftige aktivitetar i Bergen. Bybonden skal tilhøre miljøet på Lystgården, og skal tilrettelegge og vera ein "koplingsboks" for alle som vil lære eller skape næring gjennom urbane landbruksaktivitetar.

Les meir om bybonde-initiativet her...

Ida Kleppe kjem frå eit småbruk på Hærøy på Sunnmøre, og startar jobben som bybonde den 1. november. Ho har i praksis vore bybonde i eige nabolag i nokre år, og sette seg grundig inn i norsk landbruksproduksjon då ho laga dokumentarfilmen "Utan mat og drikke" i 2017. Der fyljer me ho og familien som prøvde å leve på norsk mat i ein månad.

Les meir om Ida Klepp i Bondebladets artikkel om henne som ny Bybonde i Bergen her...

Bybonde-konseptet vart utvikla i Oslo med Losætra som boltreplass for bybonden. Bondelaget i Hordaland har vore sentral i tilrettelegginga for ein Bybonde på Vestlandet, i tett samarbeid med Bærekraftige Liv på Landås og  prosjektet Lystgården. Andre støttespelarar har og vore Bergen Kommune, Norges Vel, Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland. Bybonde-prosjektet har finansiering for eitt år, men prosjektet har som mål å bli fullfinansiert i tre hele år etter dette.

Fylkesmannens landbruksavdeling ynskjer Bybonden lukke til med oppstartsåret og har stor tru på at prosjektet vil koma landbruket på heile Vestlandet til gode.

Kontaktpersonar