Auka attraktivitet og lønsemd for lokalmatprodusentar

33 bedrifter deltok i det første året av Matarena sitt langsiktige kompetanseprogram for produsentar av lokal mat og drikke. Tilbakemeldinganei har vore svært gode.

Bilde: Joar Aga frå Aga Sideri (Fotograf: Øystein Haara)

Matarena sitt kompetanseprogram har som mål å auka attraktivitet og lønsemd for lokalmatprodusentar som satsar på lokal mat og drikke.  Programmet skal bidra til kompetanseheving og profesjonalisering innanfor mellom anna produktutvikling, marknadsforståing og forretningsdrift.  I dette ligg også verdien av nettverk, matidentitet, design, koplinga mat og reiseliv og utnytting av naturressursar.

Gjennom året har deltakarane vore gjennom foredrag, workshop, bedriftsbesøk og diskusjonar og lært både av eksterne ressursar og kvarandre. Det første året gjekk over all forventning når det galdt deltakartal. For 2019 har matarena som mål å inkludera 50 lokalmatbedrifter frå Hordaland og Sogn og Fjordane i kompetansenettverket og vidareføra kompetanseprogrammet

Fylkesmannen i Hordaland og i Sogn og Fjordane har bidratt til gjennomføringa av nyvinninga. Me har stor tru på kompetanseheving gjennom tett samarbeid med- og mellom produsentane.

Kontaktpersonar