Gjødsel

Husdyrgjødsla er ein viktig ressurs i drifta, men òg ei kjelde til ureining ved feil lagring og bruk. Miljøvennlege spreiemetodar kan redusere utslepp til luft og vatn. Planlegging av lagerkapasitet må skje med rett dimensjonering, slik at det ikkje blir nødvendig med gjødselspreiing utover hausten.

Det er krav om årleg gjødslingsplan. Spreiing av husdyrgjødsel på innmarksbeite krev godkjenning frå kommunen, medan dyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal. Nær vassdrag må ein ta ekstra omsyn. Utrekning av gjødseldyreiningar (GDE) er aktuelt for spreieareal og gjødslingsplan.

Uhell og andre akutte utslepp må bli handtert på ein ryddig måte for å redusere skaden og for å unngå at liknande skjer igjen. Kommunen kan pålegge tiltak. Drift som bryt regelverket kan vere straffbart.


Kontaktpersonar