Kartlegging av kystlynghei i Hordaland

Kartelgging av kystlynghei er ei oppfølging av prioriteringane i Regionalt miljøprogram for Hordaland. Prosjekt har hatt som mål å kartleggje status for skjøtsel og utforming av kystlynghei i Hordaland.

Kystlynghei i Hordaland er en verdifull ressurs for berekraftig jordbruksproduksjon og som utvald naturtype. Den er ein truga naturtype som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å sikre. I Hordaland er tradisjonelle driftsformer som beiting og lyngsviing framleis ein levande tradisjon. Attgroinga av kystlyngheiområda skjer rask med opphør av drift og ved endra arealbruk.

Rapporten som no ligg føre er eit viktig faggrunnlag om status for kystlyngheier i Hordaland, og eit viktig ledd i arbeidet med å stoppe tapet av biologisk mangfald i norsk natur.

I arbeidet med forvaltning og skjøtsel av naturtypen kystlynghei er det mogleg å kombinere landskapsskjøtsel med å stimulere til tradisjonelle driftsformer som produksjon av kvalitetsprodukt av kjøt. Dermed vil både landskap, berekraftige driftsformer og regionale produkt med ei unik historie være med å gjensidig marknadsføre kvarandre og styrke næringa sine inntektsmuligheiter. Denne type driftsformer er med å halde større areal i drift, samstundes som produksjonskostnadene vert haldne nede.

I 2009 vart det vedtatt ei ny lov om forvaltning av naturens mangfald (Naturmangfaldlova). Med heimel i lova er det no lagt fram om at Kystlynghei skal vere Utvald naturtype.

Grunnlaget som er gjort i rapporten er viktig kunnskap som kan nyttast av kommunal forvaltning knytt til bruk av lovverk som plan og bygningslova og økonomiske verkemiddel knytt til forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak (SMIL) og forskrift om tilskot frå regionalt miljøprogram i Hordaland (RMP).

Kystlynghei er ein dynamisk naturtype som endrar karakter etter driftsforma. Utan aktive bønder på kysten som driv eit beitebruk er det ikkje råd på lang sikt å ta vare på naturtypen.