Vestlandsk fjordfe - vår eigen landrase

Kjøtproduksjon og gastronomi med identitet og historie sto i fokus då Urfe SA og Matarena AS heldt parallelle seminar og workshops for om lag 30 interesserte bønder, kokkar og matfagelevar i oktober.

Foto: Bjarte Finne presenterer fjordfe for kokkane (Johan F.K. Frøstrup - Matarena AS/FMHO)

 

Eksklusivitet og pris, identitet og historie, og ikkje minst tilpassing til ekstensivt landbruk bygd på eksisterande bygningar, kulturlandskap og utmark er viktige drivkrafter for fjordfe-satsinga.

Om lag 30 bønder, kokkar og elevar frå Sunnhordland, Midthordland og Bergen var samla til fagdagen om hald og bruk av vestlandsk fjordfe på Fitjar vidaregåande skule 29. oktober. For å maksimera effekten fall det naturleg å ha ei felles samling for bønder, kokkar og restaurantar og leggja arrangementet til ein skule med matfag, som eit bidrag til rekruttering. Sunnhordland var eit naturleg val for dette arrangementet. Ekstensiv kjøtproduksjon er den vanlegaste driftsforma i ytre strok. Dei siste tiåra er gamalnorsk villsau «gjenoppliva» i denne driftsforma.

Fjordfeet er vestlandsidentitet

Ein grunnleggjande føresetnad for ein matnasjon, er «identitetsmaten». Dette er lokale, regionale og nasjonale råvarer og rettar, med lang historie og tilpassing til lokale tilhøve. Dei passar kanskje ikkje heilt inn i moderne rasjonelt eller industrielt landbruk, men hentar ut meirverdi gjennom tradisjon og nærleik til landskapet og naturen.

Ved sida av dei store og effektive, kjøtproduserande rasane, har alle europeiske matnasjonar sine tradisjonelle kurasar, eller landrasar som dei ofte vert kalla. Vestlandsk fjordfe er ein av 7 nasjonale, bevaringsverdige raser, og saman med Vestlandsk raudkolle den som tradisjonelt har vore dominerande i Hordaland fram til 2. verdskrigen. Per i dag finst det omlag 800 fjordfekyr. Fjordfebestanden er nær dobla dei siste 10 åra. Mest all auke skjer innanfor kjøtproduksjon (ammeku). Over helvta av fjordfebestanden finst i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei gamle storferasane heng framleis med i mjølkeproduksjonen, og grunnstamma av kunnskap og buskap finst der, men auken i haldet av desse rasane skjer no innan kjøtproduksjon.

Programmet bestod av både landbruks- og mattema, med mellom anna desse programpostane:

• fjordfe som råvare, innføring i kjøtkvalitet, stykningsdelar, bruk og profilering/menypresentasjon
• kjøt- og mjølkekvalitet ved beiting
• mjølkekvalitet og økonomi i mjølkeproduksjon med gamle kurasar
• økonomi i kastrat-, okse- og ammekuoppdrett med gamle kurasar

 

Kontaktpersonar