Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Opplæring i regelverk for somatisk helsehjelp med tvang

Dato:
6. desember 2018 09:30 - 14:00
Stad:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Hordaland
Målgruppe:
Tilsette i helsetenestene som yter somatisk helsehjelp i kommune- og spesialisthelsetenesta

Fylkesmannen i Hordaland inviterer til opplæring i regelverk for somatisk helsehjelp med tvang. Kurset finn stad 6. desember 2018 i Statens hus, Bergen, og er gratis for deltakarane.

Publisert 26.10.2018

Somatisk helsehjelp til pasientar over 16 år som manglar samtykkekompetanse og motset seg hjelpa er regulert av Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Vi arrangerer opplæring for helsepersonell som yter somatisk helsehjelp i kommune- og spesialisthelsetenesta.

Program for opplæringa finn de under "Dokument".

Vi har plass til 40 deltakarar.  Dersom tal på påmelde blir høgre, vil vi prioritere slik at flest ulike tenestestader kan delta.

 

Dato:
6. desember 2018 09:30 - 14:00
Stad:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Hordaland
Målgruppe:
Tilsette i helsetenestene som yter somatisk helsehjelp i kommune- og spesialisthelsetenesta