Nasjonal elvemuslingkonferanse

Dato:
13. november - 14. november
Stad:
Scandic Hotell Flesland, Bergen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Trøndelag og Miljødirektoratet
Målgruppe:
Forskarar, konsulentfirma, ulike sektorar frå kommunar og Fylkesmenn, andre statlege etatar.
Påmeldingsfrist:
22.10.2018 23:00:00
Elvemusling. Foto Magnus Johan Steinsvåg ©
Elvemusling. Foto Magnus Johan Steinsvåg ©

Elvemuslingen er ein trua art i Norge og over 95 prosent av bestandane i Europa er allereie utrydda. Hovudtema på konferansen i Bergen 13.-14. november vil vere trugsmål og tiltak for å berge elvemuslingbestandar.

Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Trøndelag og Miljødirektoratet inviterer til konferanse om elvemusling.

Målet med konferansen er å sette søkelys på situasjonen for elvemusling, og korleis vi betre kan ta vare på bestandane våre. 

Sjå program

Praktisk informasjon 

Konferansen er lagt til Scandic Hotell Flesland i Bergen. Etter lunsj på dag 2 vil det vere høve til å vere med på felles tur til elvemuslinganlegget på Austevoll. Felles retur til Flesland kl 19.00. 

Deltakarar dekker reisekostnad, overnatting og matservering sjølv. Fylkesmannen bestiller på bakgrunn av påmelding på denne sida, kvar deltakar betaler direkte på hotellet under konferansen. Arrangør dekker reisekostnad, mat og overnatting til føredragshaldarar og deltakarar frå Fylkesmannen.

Hotellet har oppgitt følgjande priser: 

  • Dagpakke: kr 650 pr dag inkludert lunsj, pausemat og kaffe/te
  • Middag dag 1: kr 535 dekker mat, evt. drikke kjem i tillegg
  • Overnatting 1 natt: kr 1290 inkludert frukost

Frist for påmelding var 22. oktober 2018.

Dato:
13. november - 14. november
Stad:
Scandic Hotell Flesland, Bergen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Trøndelag og Miljødirektoratet
Målgruppe:
Forskarar, konsulentfirma, ulike sektorar frå kommunar og Fylkesmenn, andre statlege etatar.
Påmeldingsfrist:
22.10.2018 23:00:00

Dokument

Kontaktpersonar

Magnus Johan Steinsvåg
Fylkesmannen i Hordaland
fmhomjs@fylkesmannen.no
Tlf: 55 57 23 25

Anton Rikstad
Fylkesmannen i Trøndelag
fmtlari@fylkesmannen.no
Tlf: 74 16 80 60