Søknad om utsleppsløyve for bygging av Løkjelsvatn Kraftverk i Etne


Høyringsfrist 21. november 2018 23:00

SKL AS søker om løyve til utslepp i samband med bygging av Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune. SKL AS har fått løyve frå NVE og bygginga vil vare om lag tre år og ta til i 2018. Frist for å gje uttale er 21. november 2018.

Skisse over planlagt anlegg for Løkjelsvatn kraftverk.

Skisse over planlagt anlegg for Løkjelsvatn kraftverk.

Utbygginga fører til ca. 3,8 km ny vassveg og ca. 1,1 km tilkomsttunnel. Omlag 260 000 kubikkmeter steinmassar skal bli plassert i tråd med vedtatt reguleringsplan. Det skal bli etablert ei filtergrøft for å avgrense avrenning til vassdraget frå massane. Alt tunnelvatn skal førast til reinseanlegg med sandfang, oljeutskiljar og ei filterløysing. Reinsa vatn vil bli slept ut i Hardelandsvatnet og Litledalsvatnet. Utsleppa skal overvakast.

Etnevassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag. Meir informasjon om prosjektet og miljøverdiar i området finner de i vedlegga på høgre side.

Offentleg ettersyn

Søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. 

Høyringsfrist er 21. november 2018 

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen. Merk saka med referansenummer 2018/12380. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.

Uttale