Omlasting av avfall på Ågotnes


Høyringsfrist 20. august 2018 23:00

CCB på Ågotnes skal ta mot restavfallsballar for omlasting og transport til Rådalen. Frist for å sende inn uttale er 20. august 2018

Avfallsballane kjem med båt til kaien i Tranesvågen og vert omlasta på bil for vidare transport.  Mottaket skal drivast døgnkontinuerleg, med største mottaksmengder i tidsrommet oktober til mars.  Transport til Rådalen vil primært gå føre seg på dag og tidleg kveld.

Søknad med vedlegg finn du til høgre på sida.

Frist for å senda inn merknader er 20. august 2018.

Eventuelle merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Hordaland, pb. 7310, 5020 Bergen. 

Merk med referansenummer 2018/8803.

Frist for uttale er 20. august 2018.

Uttale