Endra søknad om etablering av avfallsanlegg ved Flesland


Høyringsfrist 15.september 2018 11:59

Metallco Bergen AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere avfallsanlegg på Fleslandveien 67 i Bergen kommune. Frist for å gi uttale er 15. september 2018.

Dei søkjer om mottak, lagring og behandling av jern, metall, kablar, kasserte køyretøy og EE-avfall. I tillegg søkjer dei om mottak og lagring av farleg avfall.

Søknaden vart høyrt sommaren 2017. Metallco Bergen AS har etter dette endra plasseringa til nabotomta. I tillegg har verksemda endra fleire punkt i søknaden, til dømes skal det byggast slik at all produksjon og lagring går føre seg innandørs.

Det vil ikkje bli utslepp av prosessvatn. Uteareal vil bli tilknytt sandfang og oljeutskiljar før det blir ført til kommunalt nett.

All inn- og uttransport frå anlegget vil gå føre seg med bil.

Dei tar sikte på at anlegget vil komme i drift i løpet av 2018.

Høyringsfrist er 15. september 2018

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida, saman med lenke til førre høyring. Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Hordaland, postboks 7310, 5020 Bergen. Merk saka med referansenummer 2015/3958.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale

Kontaktpersonar

Lenkjer