Omsorgstenester

Alle kommunar skal yte tenester til den som ikkje klarer seg sjølv og er avhengig av praktisk eller personleg hjelp til å greie daglege gjeremål, eller har spesielle behov. Årsaka kan vere sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.

Styresmaktene har vedteke “Omsorgsplanen 2015”, som tek for seg langsiktige strategiar og tiltak for å sikre gode og offentlege tenester for alle eldre og omsorgstrengande. Dei viktigaste satsingsområda er fleire tilsette i omsorgstenestene, meir kunnskap, auka samhandling og medisinsk oppfølging, forsking og kvalitetsutvikling, aktiv omsorg med vekt på kulturelle og sosiale tiltak og partnarskap med familie og lokalsamfunn.

Fylkesmannen skal vere ein pådrivar for at kommunane set omsorgstenester på dagsordenen for å møte utfordringar i framtida.

Det finst fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller lønn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen kan yte teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på lik linje med i ordinære heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i kommunens vurdering av behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga til kommunen. Dersom klaga ikkje når fram, vil ho bli send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.