Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller inndirekte fremjar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot faktorar som trugar helsa. Folkehelsearbeid er også det å arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. 

God folkehelse er eit felles ansvar

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Folkehelselova gir fylkeskommunane og kommunane eit hovudansvar for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Folkehelseomsyn i planarbeid

Fylkesmannen skal bidra til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, der planlegging er eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Fylkesmannen vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Fylkesmannen skal bidra til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Fylkesmannen kan dessutan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.