Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


21.06.2018

Dialogmøte om rovdyrsituasjonen i Nord-Østerdal

Kommunene i Nord-Østerdal og Fylkesmannen i Hedmark inviterte i går kveld beitenæringa, fellingslaget, faglaga i landbruket og Mattilsynet til dialogmøte på Tynset.



Vakttelefon og sms-varsling

Fylkesmannens vakttelefon
Ved en skadesituasjon på husdyr/tamrein, eller ved skudd mot rovvilt under jakt ring Fylkesmannens vakttelefon:
970 29 840

Kvotetelefon
Bjørn: 948 00 525
Gaupe: 948 00 525
Jerv: 911 07 485
Ulv: 954 52 101

SMS-varsling for kvote og lisensfelling

Registrer deg her for å motta Fylkesmannens SMS-varsling og bli oppdatert om status om kvoter m.m. under pågående kvotejakt og lisensfelling. Les mer om tjenesten her.