Separasjon og skilsmisse

Ektefellar som ikkje ønskjer å halde fram samlivet, kan søkje om separasjon. For å søkje om skilsmisse må du anten ha vore separert i eitt år, eller du og ektefellen din må ha budd frå kvarandre i minst to år og vere samde om at samlivet er brote. 

Du kan søkje om separasjon og skilsmisse via eit digitalt søknadsskjema. Klikk på knappen til høgre for å komme til tenesta. Der finn du også meir informasjon om separasjon og skilsmisse.