Vilkår for verjemål

For at Statsforvaltaren skal kunne opprette verjemål for ein person, må følgjande vilkår vere oppfylte.

Medisinsk tilstand

Hjelpebehov

Årsakssamanheng

Verjemål er frivillig

Medisinsk tilstand

Det må ligge føre ein diagnose eller ein medisinsk tilstand hos personen det er søkt om verjemål for. Dei medisinske tilstandane som fyller vilkåra for verjemål er lista opp i verjemålslova og er følgjande:

  • sinnsliding, inkludert demens
  • psykisk utviklingshemming
  • rusmiddelmisbruk
  • alvorleg spelavhengnad
  • alvorleg svekka helse

Opplysningar om medisinsk tilstand må kome frå lege, anten fastlege, tilsynslege ved institusjon eller annan lege som kjenner personen.

Hjelpebehov

Det må ligge føre eit hjelpebehov hjå personen det er søkt om verjemål for. Hjelpebehovet kan vere todelt:

  1. Personen det er søkt om verje for må vere ute av stand til å ivareta sine interesser sjølv
  2. Personen sine interesser må ikkje kunne ivaretakast på ein mindre inngripande måte enn verjemål, til dømes ved hjelp av legalfullmakt, alminneleg fullmakt, framtidsfullmakt og anna

Årsakssamanheng

Det må ligge føre ein årsakssamanheng mellom den medisinske tilstanden og hjelpebehovet til personen det er søkt om verjemål for. Det vil sei at det må vere den medisinske tilstanden som gjer at personen ikkje er i stand til å ivareta dei konkrete interessene vedkommande har behov for hjelp til.

Verjemål er frivilleg

Det må òg ligge føre eit skriftleg samtykke frå personen det er søkt om verjemål for. Personen skal samtykke til oppretting av verjemål, omfanget av verjemålet og til kven som skal vere verje. Det er ikkje krav til skriftleg samtykke dersom personen ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke inneber. Dersom personen det gjeld er i stand til å forstå kva eit samtykke inneber, men ikkje vil samtykke, kan ikkje Statsforvaltaren opprette verjemål. Det same gjeld dersom personen ikkje er i stand til å forstå kva verjemål er eller kva eit samtykke inneber, og aktivt motset seg verjemålet.

Dersom personen ikkje samtykker eller aktivt motset seg verjemål, vil Statsforvaltaren vurdere om det er behov for å ta frå personen si rettslege handleevne.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.