Behov for å oppnemne verje for barn

Alle barn og unge skal ha verje fram til dei fyller 18 år, men ikkje alle har foreldre med foreldreansvar som kan utføre verjeoppgåvene. Statsforvaltaren skal oppnemne verje for barn som er utan fungerande verje, i følgjande situasjonar.

Ingen har foreldreansvaret

Barnet er under omsorg av barnevernet

Foreldre ute av stand til ta hand om verjeoppgåver

Mellombels verje i straffesak

Mellombels verje ved skifte og uskifte

Mellombels verje i andre saker

For einslege mindreårige asylsøkjarar vert det oppnemnd representant, sjå nærare informasjon om dette i eige menypunkt. Oppnemnd verje og representant vil ha rett til godtgjering etter faste satsar.

Ingen har foreldreansvaret

Dersom begge foreldre er døde, eller den av foreldra som hadde foreldreansvaret åleine er død, er barnet utan fungerande verje og det må oppnemnast ny verje. Dette blir gjort sjølv om nokon har sett fram krav om foreldreansvar for barnet. Den som blir oppnemnd som verje, tek hand om verjeoppgåver for barnet fram til det føreligg rettskraftig dom i sak om foreldreansvar. Den eller dei som har foreldreansvaret overtek då også verjeansvaret.

Statsforvaltaren får oftast melding om behov for å oppnemne verje for barnet frå andre slektningar, barnevern eller tingretten. I meldinga kan ein kome med forslag til kven som skal oppnemnast. Vi undersøkjer om vedkomande er eigna for vervet ved mellom anna å hente inn politiattest og å gjere ei kredittvurdering. For å melde frå om behov for oppnemning av verje, bruk skjemaet Melding om behov for vergemål for mindreårig person eller Melding til Statsforvaltaren. Begge skjema finn du på www.vergemal.no/skjema.

Under omsorg av barnevernet

Foreldre har i dei fleste tilfelle framleis foreldreansvaret og er verjer for barnet, sjølv om barnevernet har overteke den daglege omsorga.

Dersom verjeoppgåvene ikkje vert utførte, vil barnevernstenesta melde frå til Statsforvaltaren om behov for å oppnemne verje for barnet. Det må gå fram av meldinga kva oppgåver barnet treng hjelp til. Vi kan oppnemne verje dersom barnet er utan fungerande verje. Dette vil vere tilfelle i situasjonar der ingen har foreldreansvar for barnet, foreldra er midlertidig ute av stand til å utføre verjeoppgåver på grunn av sjukdom, eller det av ulike årsaker ikkje er samvær eller kontakt mellom barn og foreldre. Foreldre med foreldreansvar vert ikkje fråtekne verjeansvaret sjølv om Statsforvaltaren oppnemner verje, men den oppnemnde verja kan utføre verjeoppgåver om foreldra ikkje gjer det. Oppnemnd verje skal om mogeleg rådføre seg med foreldre før dei tek større avgjerder for barnet. 

Foreldre ute av stand til ta hand om verjeoppgåver

Det vil svært sjeldan vere aktuelt å oppnemne verje i tilfelle der foreldre har den daglege omsorga for barnet. Det kan likevel tenkast tilfelle der mor eller far har foreldreansvaret åleine, og ikkje er i stand til å ta hand om verjeoppgåver for barnet, til dømes på grunn av sjukdom. Statsforvaltaren vil då oppnemne verje for barnet.

Mellombels verje i straffesak

I tilfelle der foreldre er mistenkte for straffbare handlingar mot barnet, vil foreldra og barnet kunne ha motstridande interesser i saka. Foreldra vil difor ikkje kunne opptre som verje for barnet i den aktuelle saka. Politiet vil i slike tilfelle melde frå til oss om at barnet er utan fungerande verje i straffesaka. Vi oppnemner ei av dei faste verjene våre, som vil ta hand om interessene til barnet i saka. Melding om behov for verje for barn i straffesaker, kan sendast som straffesaksforsending i Altinn. Bruk skjemaet Melding om behov for verjemål for mindreårige person. Ta eventuelt kontakt på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no.

Mellombels verje ved skifte og uskifte

Skifte

Dersom barn og foreldre er arvingar i same bu, vil dei kunne ha motstridande interesser i arveoppgjeret. Vi vil då oppnemne mellombels verje for barnet, som kan ta hand om interessene hans eller hennar ved skiftet av buet. Det vil ikkje vere nødvendig å oppnemne mellombels verje, dersom barnet er arving etter testament og skal arve ein bestemt sum.

Uskifte

Dersom ein av foreldra døyr, vil den gjenlevande ha rett til å sitje i uskifta bu dersom dei var gifte eller sambuande ved dødsfallet. Det må då oppnemnast mellombels verje for felles barn under 18 år. Mellombels verje skal sjå til barna sine interesser i uskiftebuet og må melde frå til oss viss buet skal skiftast. Ved melding om behov for verje i samband med uskifta bu, vil vi be gjenlevande ektefelle om forslag til kven som kan oppnemnast som mellombels verje for barnet. Ofte vert ein ven eller slektning på avdøde si side oppnemnd som verje. 

Mellombels verje i andre saker

Det kan bli aktuelt å oppnemne mellombels verje også i andre saker enn dei som er nemnde ovanfor. Dette kan gjelde i situasjonar der barn og foreldre har motstridande interesser, og verja eller verjene er inhabile. Til dømes vil det alltid bli oppnemnd mellombels verje dersom Statsforvaltaren forvaltar midlar for barnet, og foreldre søkjer om å låne av midlane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.