Skal du sende søknad eller melding til Fylkesmannen i Vestland via Altinn?

Dersom du skal sende søknad eller melding til verjemålseininga vår via Altinn, er det enn så lenge ikkje mogleg å velje Fylkesmannen i Vestland som mottakar i nedtrekksmenyen. Fram til dette er retta, må du enn så lenge velje Fylkesmannen i Hordaland eller Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som mottakar.