Ofte stilte spørsmål om verjemål

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om verjemål. Klikk på spørsmålet for å komme til svaret.

Spørsmål etter tema

Representasjon utan verjemål

1) Far min / mor mi er dement og flytta på sjukeheim. Kan eg selje bustaden utan at det vert oppnemnd verje? 
2) Far min / mor mi er dement. Kan eg då betale rekningar og gå i banken for han eller henne utan at det vert oppnemnd verje?
3) Kva er legalfullmakt?

Framtidsfullmakt

4) Kva er ei framtidsfullmakt?
5) Kven kan lage framtidsfullmakt?
6) Er det formkrav til ei framtidsfullmakt?
7) Kven kan vere vitne på framtidsfullmakta?
8) Eg har laga ei framtidsfullmakt, skal Fylkesmannen ha den?
9) Eg er fullmektig og meiner framtidsfullmakta har tredd i kraft. Kva gjer eg?
10) Kva vil det sei at Fylkesmannen stadfester framtidsfullmakta?
11) Må framtidsfullmakta tinglysast?

Oppretting av verjemål 

12) Når kan nokon setjast under verjemål?
13) Kva er forskjellen på begjæring og melding om verjemål?
14) Eg kjenner nokon som eg meiner treng verje. Kva gjer eg?
15) Kan det vere meir enn ei verje?
16) Kven oppnemner verjer? Kan eg gjere det sjølv?
17) Kan Fylkesmannen avgjere at det skal opprettast verjemål  med verknad framover i tid?
18) Kan andre enn næraste familie vere verje?
19) Er det aldersgrense for å vere verje?
20) Kva vil det sei å vere eigna som verje?
21) Eg treng verje, men har ikkje familie eller vener som kan ta på seg dette. Kva gjer eg?

Samtykkekompetanse

22) Kva betyr samtykkekompetanse?
23) Kven avgjer om eg er samtykkekompetent?
24) Kva må dei som har samtykkekompetanse samtykke til?
25) Eg har samtykkekompetanse og vil ikkje lenger ha verje. Kva gjer eg?

Rekneskap

26) Må eg levere rekneskap?
27) Kva vil det sei å levere rekneskap?
28) Må eg sende med kvitteringar?
29) Kan eg få fritak frå å levere rekneskap?
30) Når skal rekneskapet leverast?

Forvaltning av midlar

31) Skal Fylkesmannen forvalte midlar?
32) Personen eg er verje for blir irekna skatt og kommunale avgifter som eg ikkje har midlar tilgjengeleg til å dekke. Kva gjer eg?
33) Korleis forvaltar Fylkesmannen midlane?
34) Kan eg bruke av midlar som Fylkesmannen forvaltar?
35) Kan eg disponere over renteinntektene på kapitalkonto?
36) Barnet mitt har formue, og eg blir likna med hennar formue og må betale formueskatt. Kan de dekke det?
37) Kan eg ha ein sparekonto i tillegg til verjekontoen?
38) Kan eg opprette BSU?
39) Fylkesmannen har forvalta midlar for meg, men no er eg 18 år. Kva skjer då?
40) Kan Fylkesmannen forvalte midlar for mindreårige etter at dei fyller 18 år?
41) Verjemålet mitt er avslutta og Fylkesmannen har forvalta midlar for meg. Kva skjer med midlane då?
42) Fylkesmannen forvaltar midlar, eg vil bytte bank. Kva gjer eg?
43) Korleis finn eg ut kva renta er på den kontoen Fylkesmannen forvaltar?
44) Kan eg plassere midlar i fond eller liknande i staden for å kapitalkonto i bank?
45) Kva er verjekonto og kven disponerer denne?
46) Den eg er verje for er på institusjon og har ein forvaltningskonto / pasientkonto der? Kva gjer eg?

Mindreårige

47) Barnet mitt vil starte enkeltmannsføretak, kva gjer eg?
48) Barnet mitt har ei alvorleg funksjonshemming og vil trengje verje som vaksen. Vil det automatisk bli oppnemnd verje?
49) Barnet mitt er funksjonshemma. Må eg oppnemne ei verje for henne?
50) Eg er likna med barnet mitt sin formue, og får formueskatt på grunn av midlar Fylkesmannen forvaltar. Kva gjer eg?

Ektefelleverje

51) Kan ein ektefelle eller sambuar oppnemnast som verje?
52) Har ein ektefelle rekneskapsplikt?
53) Kva disposisjonar må ektefelleverje ha samtykke frå Fylkesmannen for å gjennomføre?
54) Skal Fylkesmannen forvalte midlar når ektefelle eller sambuar er verje?

Setteverje

55) Kva er ei setteverje?
56) Kostar det pengar å få oppnemnd ei setteverje?
57) Kan verja oppnemne ei setteverje?

Fast verje

58) Eg vil gjerne bli fast verje, korleis går eg fram?
59) Kven kan oppnemnast som fast verje?
60) Kor mange oppdrag må eg ha for å reknast som fast verje?

Verjegodtgjering og utgiftsdekning

61) Har eg rett på godtgjering for verjeoppdraget?
62) Kor mykje får eg i godtgjering?
63) Kan eg betale godtgjering til meg sjølv frå verjekonto?
64) Kven betalar for verjegodtgjeringa?
65) Har eg rett til å få refundert utgifter?
66) Korleis søker eg om verjegodtgjering og utgiftsdekning?
67) Må eg skatte av verjegodtgjeringa?

Dødsfall og arv

68) Verja er død, kva gjer eg?
69) Eg er verje. Personen eg er verje for er nyleg død. Kva gjer eg?
70) Eit familiemedlem som var under verjemål, er nyleg død. Fylkesmannen forvalta pengar for vedkomande. Kan eg ta ut pengar frå kontoen?
71) Eg og han eg er verje for, er begge arvingar i same dødsbu. Kan eg skrive under for han?
72) Kan eg skrive testament eller endre testamentet for personen eg er verje for?

Opphøyr / endring av verjemål

73) Eg ynskjer ikkje lenger å ha verje, kva gjer eg?
74) Eg er misfornøgd med ei verje, kva gjer eg?
75) Eg er verje, men ynskjer ikkje lenger å vere det, kva gjer eg?
76) Eg er verje og treng utviding av mandatet, kva gjer eg?
 

Svar etter tema

Representasjon utan verjemål

1) Far min / mor mi er dement og flytta på sjukeheim. Kan eg selje bustaden utan at det vert oppnemnd verje?

Du har ikkje rett til å signere for han eller ho utan at du er oppnemnd som verje, eller at det går fram av gyldig framtidsfullmakt. I utgangspunktet er ikkje underskrifta gyldig, når vedkomande ikkje forstår kva han eller ho har skrive under på. Dette blir ei vurdering som eigedomsmeklar eller andre føretek. Viss vedkomande vert sett under verjemål, er det krav om samtykke frå Fylkesmannen før sal av bustad osv.  

2) Far min / mor mi er dement. Kan eg då betale rekningar og gå i banken for han eller henne utan at det vert oppnemnd verje?

Ja, du kan betale rekningar som gjeld dagleg underhald, slik som faste rekningar, skatt  osv.

3) Kva er legalfullmakt?

Legalfullmakt er ein lovfesta rett for ektefelle, sambuar, barn, barnebarn eller foreldre til å representere ein person, som på grunn av demens eller alvorlig sjukdom ikkje kan ta hand om dei økonomiske rettane og pliktene sine.  Legalfullmakta gjeld berre for daglegdagse økonomiske forhold. Difor er ikkje  kjøp av dyre eigendelar som til dømes bil og hus omfatta av legalfullmakta, og heller ikkje sal av fast eigedom. Legalfullmakt gjeld uavhengig av Fylkesmannen, og du treng ikkje å søke Fylkesmannen om å lage legalfullmakt. Når du nyttar legalfullmakt må du rekne med at det kan bli spørsmål om å leggje fram legeerklæring, der det går fram at den du representerer er ute av stand til å ta seg av dette på grunn av demens eller alvorleg sjukdom. 

Dersom vedkomande ikkje vert godt nok vareteken ved legalfullmakt, til dømes ved at det aktuelt å selje bustaden, kan det vere behov for å oppnemne verje.  

Framtidsfullmakt

4) Kva er ei framtidsfullmakt?

Det er ei fullmakt som vert laga når du er i stand til å gi eit samtykke (er frisk), og som trer i kraft etter at du er vorten sjuk og ikkje kan gi uttrykk for viljen din. Fullmakta peiker ut ein eller fleire til å ta hand om interessene dine når du ikkje lenger er i stand til det sjølv. Du vel sjølv kva interesser fullmakta skal omfatte.

5) Kven kan lage framtidsfullmakt?

Personar som er i stand til å gi eit samtykke (forstår kva saka gjeld) og som har fylt 18 år.

6) Er det formkrav til ei framtidsfullmakt?

Det må gå fram av fullmakta at den skal gjelde etter at du ikkje er i stand til å ta vare på deg sjølv på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse. Fullmakta må utpeike ein eller fleire fullmektige. Det må gå fram av fullmakta kva oppgåver fullmektigen får.

Fullmakta må opprettast når du er frisk (samtykkekompetent) og to vitne må skrive under. Desse vitna skal stadfeste at fullmaktsgivar er i stand til å forstå kva fullmakta gjeld.

7) Kven kan vere vitne på framtidsfullmakta?

Vitna må vere 18 år og forstå at dei skriv under som vitne på ei framtidsfullmakt. Dei må ikkje sjølv vere fullmektig (den som får rett til å representere fullmaktsgivar). Dei må ikkje vere ektefelle, sambuar, foreldre, barn eller barnebarn av fullmektigen (den som får rett til å representere fullmaktsgivar).

8) Eg har laga ei framtidsfullmakt, skal Fylkesmannen ha den?

Fylkesmannen skal ikkje ha framtidsfullmakta før den har trådd i kraft (når  fullmaktsgivar har blitt sjuk og ikkje i stand til å gi uttrykk for sitt syn).
Når fullmektigen meiner fullmaktsgivar har blitt sjuk, og ikkje i stand til å gi uttrykk for sitt syn, kan fullmakta eller rett kopi av fullmakta sendast til Fylkesmannen for stadfesting.

9) Eg er fullmektig og meiner framtidsfullmakta har tredd i kraft. Kva gjer eg?

Då skal du innhente legeerklæring som stadfester at fullmaktsgivar no er dement eller har alvorleg sjukdom, og at fullmakta difor no trer i kraft. Deretter skal du gi beskjed til fullmaktsgivar og fullmaktsgivar sin ektefelle/ sambuar og barn om dette. Dersom du ynskjer at Fylkesmannen skal stadfeste framtidsfullmakta sender du inn fullmakta eller rett kopi av den til Fylkesmannen. Legg ved legeerklæring som stadfestar at fullmakta har tredd i kraft, samt dokumentasjon på at du har varsla fullmaktsgivar sin ektefelle/sambuar eller born (i praksis ei erklæring frå dei). Dersom Fylkesmannen stadfester fullmakta, sender vi ein attest til fullmektig. I tillegg vil vi be aktuelle register om å tinglyse fullmakta, til dømes grunnboka, folkeregisteret.

10) Kva vil det sei at Fylkesmannen stadfester framtidsfullmakta?

Når framtidsfullmakta har tredd i kraft (når fullmaktsgivar har blitt sjuk), kan den sendast til Fylkesmannen for stadfesting. Vi må ha framtidsfullmakta eller rett kopi av framtidsfullmakta, legeerklæring og bevis for at fullmaktsgivar og fullmaktsgivar sin ektefelle/ sambuar eller barn er varsla. I praksis kan dette gjerast ved at ektefelle/sambuar og barn skriv under på ei erklæring. Dersom fullmakta oppfyller formkrava og har tredd i kraft, kan Fylkesmannen stadfeste den. Fylkesmannen lagar då ein attest til fullmektigen. I tillegg sender Fylkesmannen ein attest til aktuelle register. Dersom fullmakta gir fullmektig rett til å selje fast eigedom, vil Fylkesmannen sende attest og kopi av fullmakta til Grunnboka for tinglysing.

11) Må framtidsfullmakta tinglysast?

Nei, du treng ikkje å tenke på å tinglyse fullmakta. Derimot vil Fylkesmannen ved stadfesting av framtidsfullmakta, når den har tredd i kraft, sende attest og kopi av fullmakta for tinglysing i dei registra som er aktuelle  for denne fullmakta. Eksempelvis kan vi sende attest til Grunnboka, verdipapirsentralen osv.

Oppretting av verjemål 

12) Når kan nokon setjast under verjemål?

Det er fem vilkår som alle må vere oppfylte for at ein person kan setjast under verjemål:

I. Personen må ha fylt 18 år. Personar under 18 år er allereie under verjemål. Det er ikkje automatikk i at personer under 18 år får verje når dei fyller 18 år, sjølv om det kan vere behov for det.

II. Personen må ha enten ei sinnsliding (demens inngår i det), psykisk utviklingshemming, rusmiddelmisbruk, alvorlig spelavhengigheit eller annan alvorleg sjukdom

III. På grunn av dette må personen vere ute av stand til å vareta interessene sine

IV. Det må vere behov for verjemål etter ei samla vurdering

V. Personar som forstår kva eit samtykke til verjemål inneber, må sjølv samtykke i å verte sett under verjemål, til kven som skal vere verje, og til omfanget av verjemålet. For personar som ikkje er samtykkekompetente, er det ikkje nødvendig med eit slikt samtykke. Om vedkommande direkte motset seg verjemål, og det er uttrykk for hans eller hennar reelle vilje, kan det ikkje opprettast verjemål for personen med mindre han eller ho vert fråteken den rettslege handleevna si.

Dette er medisinske vurderingar, og Fylkesmannen må difor ha legeerklæring for å vurdere behovet for verje, anten ved at vedkomande som sender inn begjæringa innhentar legeerklæring eller at Fylkesmannen innhentar dette sjølv. For at Fylkesmannen skal kunne innhente legeerklæring, treng vi informasjon om namnet på fastlegen eller om kva institusjon vedkomande bur på.

13) Kva er forskjellen på begjæring og melding om verjemål?

Begjæring eller krav om verjemål, gjev den som krev verjemål partsstatus – det vil sei rett til å klage på vedtak frå Fylkesmannen.  Fylgjande personar kan krevje at det blir oppretta verjemål: personen sjølv, personen si ektefelle eller sambuar, foreldre, livsarving (barn – om barn er død, barnebarn osv.) og søsken, personen si verje (om  vedkomande allereie er under verjemål), behandlande lege eller tilsynslege ved institusjon.

Alle som ikkje kan krevje verjemål, kan sende melding om behov for verjemål ( bekymringsmelding). Dei som har sendt bekymringsmelding vil ikkje ha rett til å klage på vedtak fatta av Fylkesmannen.

Med unntak av dette, vil forskjellane vere små. Fylkesmannen plikter uansett å vurdere behovet for verjemål når vi får melding om at nokon treng verje.

14) Eg kjenner nokon som eg meiner treng verje. Kva gjer eg?

Då må du sende inn skjema for begjæring/krav om verjemål (dersom du har rett til å krevje verjemål) eller bekymringsmelding til Fylkesmannen. I tillegg til det må du sende inn legeerklæring for vedkomande dersom du har høve til å innhente dette.

Alle bør sende melding dersom dei ser at nokon har behov for verjemål. Institusjonen der vedkomande er innlagd og ansvarlege for kommunen si helse og omsorgsteneste SKAL sende inn bekymringsmelding dersom dei meiner det kan være behov for verjemål.

15) Kan det vere meir enn ei verje?

Hovudregelen er at vaksne under verjemål skal ha ei verje. Dersom det er føremålstenleg kan det oppnemnast to. I så fall må dette grunngjevast. Eit praktisk eksempel er at to verjer får ulike mandat, til dømes ei for personlege interesser og ei for økonomiske.

16) Kven oppnemner verjer? Kan eg gjere det sjølv?

Frå 01.07.2013 er det Fylkesmannen som oppnemner verjer. Verje som er oppnemnd anten  som verje eller hjelpeverje før 01.07.2013 av kommunalt overformynderi eller tingretten/skifteforvaltaren, fortset  som verje etter 01.07.2013.

17) Kan Fylkesmannen avgjere at det skal opprettast verjemål  med verknad framover i tid?

Vilkåra for verjemål må vere oppfylte før vi kan treffe vedtak om verjemål. Fylkesmannen kan som hovudregel difor ikkje fatte vedtak om verjemål med verknad i framtida. Eit unntak er mindreårige som heilt klart vil ha behov for verje etter å ha blitt myndig. Fylkesmannen kan då fatte vedtak om oppretting av verjemål før vedkomande blir 18, og med verknad etter fylte 18 år. NB! Det er ingen automatikk i at utviklingshemma eller andre under 18 år får oppnemnt verje etter å ha blitt myndig. Verjemålet må opprettast ved vedtak, og vi må difor få inn søknad og legeerklæring.

18) Kan andre enn næraste familie vere verje?

Ja.

19) Er det aldersgrense for å vere verje?

Du må vere 18 år for å kunne bli verje. Men så lenge du er eigna for vervet, er det inga øvre aldersgrense.

20) Kva vil det sei å vere eigna som verje?

At verja passar til oppgåva. Verja må vere myndig.  Vidare må verja leggje fram politiattest. Det er ikkje krav om politiattest når verja er ektefelle, sambuar, barn, foreldre eller søsken av den som er under verjemål. I tillegg vil vi gjere ei kredittvurdering. Dersom det er konflikt i familien om kven som skal vere verje, vil dette kunne bli vektlagt ved val av verje.

21) Eg treng verje, men har ikkje familie eller vener som kan ta på seg dette. Kva gjer eg?

Dersom du ikkje har forslag til kven som skal vere verje, vil Fylkesmannen velje ei eigna verje for deg. Vi har engasjert faste verjer som tek verjeoppdrag.  

Samtykkekompetanse

22) Kva betyr samtykkekompetanse?

Samtykkekompetanse betyr at du forstår konsekvensen av handlingane dine. Til dømes vil samtykkekompetanse i høve til oppretting av verjemål bety at du forstår kva eit verjemål er.

23) Kven avgjer om eg er samtykkekompetent?

I høve til verjemål er det Fylkesmannen som tek den endelige avgjerda. I praksis er det likevel legen eller ein annan sakkunnig som vurderer samtykkekompetanse, då dette er ei medisinsk vurdering.

24) Kva må dei som har samtykkekompetanse samtykke til?

Er du samtykkekompetent kan det opprettast verjemål for deg, dersom du samtykker til det.  Du må også samtykke til kven som skal vere verja di og kva mandat (oppgåver) han eller ho skal få.
Samtykkekompetente personar må samtykke til det, dersom Fylkesmannen skal forvalte midlane deira. Verja kan ikkje handle på tvers av det ein samtykkekompetent person ynskjer.

25) Eg har samtykkekompetanse og vil ikkje lenger ha verje. Kva gjer eg?

Med mindre det er oppretta verjemål for deg med fråtaking av den rettslege handleevna di, skal Fylkesmannen oppheve verjemålet, dersom ein person direkte motset seg verjemålet, og det er uttrykk for hans eller hennar reelle vilje. Meld i frå skriftleg til Fylkesmannen at du ikkje lenger ynskjer verje. Verjemålet er ikkje oppheva før Fylkesmannen har fatta vedtak om det.

Rekneskap

26) Må eg levere rekneskap?

Ja, dersom du har rekneskapsplikt må du levere rekneskap.

27) Kva vil det sei å levere rekneskap?

 Fylgjande skal leverast:

  • Erklæring om at du har gjeve fullstendige og korrekte opplysningar om verjemålet (Fullstendigheitserklæring).
  • Kopi av bankkontoutskrifter for konto du har disponert på vegne av den du er verje for. Uklar eller manglande tekst i samband med transaksjonar på kontoutskrifta kan forklarast direkte med påføringar i kontoutskrifta, eller ved å nytte kommentarfeltet i fullstendigheitserklæringa.
  • Kopi av årsoppgåver for bankforbindelser, aksjer, obligasjoner m.m.
  • Kopi av sjølvmelding for rekneskapsåret for den du er verje for, med kopi av eventuelle årsoppgåver for aksjar, obligasjonar, fond eller andre verdipapir som du disponerer over på vegne av den du er verje for.

28) Må eg sende med kvitteringar?

Kvitteringar og andre bilag som dokumenterer transaksjonar på verjekonto skal ikkje sendast inn til Fylkesmannen, men skal oppbevarast som dokumentasjon i tre år etter utgangen av rekneskapsåret. Fylkesmannen kan ved gjennomgang av verjerekneskapa be om å få lagt fram nokre eller alle bilaga. Det gjeld til dømes ved kontantuttak frå bankkonto for å få stadfesta at pengane har kome den verjetrengande til gode. Vi tilrår at bilaga vert oppbevarte på ein forsvarleg og oversiktleg måte, og med god sporing opp mot aktuelle transaksjoner på verjekontoen.

29) Kan eg få fritak frå å levere rekneskap?

Fylkesmannen kan frita for rekneskapsplikt dersom det ikkje synest nødvendig med rekneskapsplikt ut i frå omfanget av den formue og inntekt som verja forvaltar. Du kan såleis søke om å få fritak frå å levere rekneskap.  

Er du verje for ektefellen eller sambuaren din, skal du få fritak frå rekneskapsplikt, dersom det ikkje er særlege grunnar som taler imot dette.

30) Når skal rekneskapet leverast?

Dersom du har ordinær rekneskapsplikt skal rekneskapet leverst innan 30.april.

Ved utvida rekneskapsplikt er innleveringsfristen 30.juni:

  • Her gjeld dei same krava som ved ordinær rekneskapsplikt ovafor.

  • I tillegg skal kopi av rekneskap for næringsverksemd sendast med, det vil sei næringsskjema og andre likningsskjema som vert sende til skatteetaten i samband med næringa.

Forvaltning av midlar

31) Skal Fylkesmannen forvalte midlar?

Hovudregelen er at du kan forvalte midlar tilsvarande inntil to gonger grunnbeløpet i folketrygda (2G), på vegne av den du er verje for. Det betyr at Fylkesmannen skal forvalte midlar over 2G.

32) Personen eg er verje for blir irekna skatt og kommunale avgifter som eg ikkje har midlar tilgjengeleg til å dekke. Kva gjer eg?

Du må søkje Fylkesmannen om overføring av midlar frå kapitalkontoen som Fylkesmannen forvaltar til verjekonto (som du forvaltar), slik at du får betalt rekningane til den du er verje for.

33) Korleis forvaltar Fylkesmannen midlane?

Pengane vert plasserte i ein av dei bankane som den sentrale verjemålsmyndigheita har gjort avtale med. Det er du som verje som skal velje kva bank, og kva type konto pengane skal plasserast i. Ei oppdatert liste over aktuelle bankar, produkt og rentenivå finn du på vergemal.no.

34) Kan eg bruke av midlar som Fylkesmannen forvaltar?

Ja, du kan søke om overføring frå kapitalkonto til verjekonto. Søknaden må vere underskriven av verja.  Dersom søknaden gjeld ein mindreårig over 12 år, må også han eller ho signere på søknaden.

35) Kan eg disponere over renteinntektene på kapitalkonto?

Du kan søkje om å få bruke renteinntektene på kapitalkonto. Det vil generelt sett vere enklare å få innvilga bruk av renteinntekter, enn bruk av kapital.

36) Barnet mitt har formue, og eg blir likna med hennar formue og må betale formueskatt. Kan de dekke det?

Fylkesmannen kan ikkje dekke dette, men du kan søke om å få det dekka av barnet sin formue.

37) Kan eg ha ein sparekonto i tillegg til verjekontoen?

Ja, så lenge summen på verjekonto og sparekonto ikkje overstig 2G.

38) Kan eg opprette BSU?

Ja, du kan opprette ein BSU-konto, men denne må vere i ein av dei bankane som Fylkesmannen har avtale med. Sjå oppdatert liste på www.vergemal.no.

39) Fylkesmannen har forvalta midlar for meg, men no er eg 18 år. Kva skjer då?

Når du er fylt 18 år, disponerer du sjølv over midlane dine. Du kan velje å avslutte kontoen hos Fylkesmannen. Du kan ta kontakt direkte med banken der midlane er plassert for uttak eller overføring til annan konto.

Du vil også få tilbod frå Fylkesmannen om fortsatt forvaltning av midlane fram til du fyller 25 år. Dersom du vel dette, vil Fylkesmannen framleis stå som disponent på kontoen og du må melde frå til Fylkesmannen dersom du ynskjer å ta ut frå kontoen. Ved uttak treng vi legitimasjon, kontonummer pengane skal overførast til og di underskrift. Dette kan sendast på e-post, brev eller du kan møte opp i Statens hus i Bergen eller Leikanger. Du kan avslutte kontoen når du ynskjer det.

40) Kan Fylkesmannen forvalte midlar for mindreårige etter at dei fyller 18 år?

Ja, Fylkesmannen kan forvalte midlane fram til han eller ho fyller 25 år. Det blir sendt ut tilbod om dette kort tid før vedkomande fyller 18 år.

41) Verjemålet mitt er avslutta og Fylkesmannen har forvalta midlar for meg. Kva skjer med midlane då?

Fylkesmannen gir melding til banken om at verjemålet er avslutta. Deretter disponerer du sjølv over kontoen. 

42) Fylkesmannen forvaltar midlar, eg vil bytte bank. Kva gjer eg?

Du må sende inn skjemaet «Oppretting av kapitalkonto for person med verje». Ved bytte av bank må du opplyse i punkt 4 om kva bank midlane er plassert i no. Fylkesmannen vil opprette konto i ny bank og sjå til at midlane vert overført til ny konto.  

43) Korleis finn eg ut kva renta er på den kontoen Fylkesmannen forvaltar?

Du finn ei oppdatert liste over alle bankar, produkt  og rentenivå på www.vergemal.no.

44) Kan eg plassere midlar i fond eller liknande i staden for å kapitalkonto i bank?

 Nei. Du må plassere midlar som er overstig 2G i ein av bankane som har avtale om forvaltning av verjemidlar. På http://www.vergemal.no/ finn du ei oppdatert oversikt over kva bankar som kan veljast, og kva type spareprodukt dei tilbyr. Dersom person med verje har pengeplasseringar i fond e.l. før han eller ho får oppnemnd verje, kan disse stå. Men, Fylkesmannen vil sende melding til banken om at midlane tilhøyrer ein person under verjemål, og verja vil ikkje kunne disponere over midlane utan samtykke frå Fylkesmannen.

45) Kva er verjekonto og kven disponerer denne?

Verja opprettar ein verjekonto og brukar denne til betaling av rekningar og faste utgifter for den verjetrengande. Det er verja som disponerer denne kontoen.

46) Den eg er verje for er på institusjon og har ein forvaltningskonto / pasientkonto der? Kva gjer eg?

Det er institusjonen som har ansvar for å føre rekneskap for forvaltningskontoen. Du har ikkje rekneskapsplikt over denne kontoen, men kan be om å få sjå rekneskap frå institusjonen.  

Mindreårige

47) Barnet mitt vil starte enkeltmannsføretak, kva gjer eg?

Dersom han eller ho er over 15 år, kan det opprettast enkeltmannsføretak i hans eller hennar namn, med Fylkesmannen og verja(-ene) sitt samtykke. Send inn ein søknad til Fylkesmannen der du opplyser kva slags enkeltmannsføretak den mindreårige ynskjer å starte. Både verja(-ene) og ungdommen må signere på søknaden.

48) Barnet mitt har ei alvorleg funksjonshemming og vil trengje verje som vaksen. Vil det automatisk bli oppnemnd verje?

Nei. Når han eller ho fyller 18 år må Fylkesmannen oppnemne verje. Fylkesmannen kan oppnemne verje for mindreårige før fylte 18 år, med verknad etter fylte 18 år. Send inn søknadsskjema og legeerklæring som stadfestar at vilkåra for verjemål er oppfylte.

49) Barnet mitt er funksjonshemma. Må eg oppnemne ei verje for henne?

Nei. Som hovudregel er den eller dei som har foreldreansvar , verje for barnet. Det er berre dersom det ikkje er nokon som har foreldreansvar, eller der dei med foreldreansvar ikkje fungerer eller er inhabile, at det må oppnemnast verje.

50) Eg er likna med barnet mitt sin formue, og får formueskatt på grunn av midlar Fylkesmannen forvaltar. Kva gjer eg?

Fylkesmannen dekker ikkje dette, men du kan søkje om uttak frå barnet sine midlar. Send inn en søknad til Fylkesmannen, der du legg ved dokumentasjon på skatt som er betalt på grunn av barnet sin formue, t.d kopi av sjølvmelding eller stadfesting frå Skatt vest der det går fram kor mykje ekstra du har betalt i skatt på grunn av barnet sin formue.  

Ektefelleverje

51) Kan ein ektefelle eller sambuar oppnemnast som verje?

Ja.

52) Har ein ektefelle rekneskapsplikt?

Hovudregelen er at ektefelle og sambuar ikkje treng å levere rekneskap. Ektefeller står heller ikkje under tilsyn av Fylkesmannen. 

53) Kva disposisjonar må ektefelleverje ha samtykke frå Fylkesmannen for å gjennomføre?

- Kjøp, sal av eigedom eller rettar som ligg til fast eigedom
- Gjere gjeldande odelsrett eller annan rett i fast eigedom
- Gi avkall på odelsrett eller annen rettighet i fast eigedom
- Pantsetting av eigedelar
- Stifting av gjeld

54) Skal Fylkesmannen forvalte midlar når ektefelle eller sambuar er verje?

Nei.

Setteverje

55) Kva er ei setteverje?

Dersom verja og personen han eller ho er verje for har, eller kan ha interesser som strid mot kvarandre, eller dersom verja sin næraste familie har interesser som strid mot interessene til den som er under verjemål, vil verja vere inhabil i den konkrete saka. Dersom verja er inhabil på eit område, må det oppnemnast ei verje med mandat til å ivareta interessene til personen under verjemål på dette området. Til dømes vil ei verje kunne vere inhabil dersom både verja og personen under verjemål er arvingar i same dødsbu.

56) Kostar det pengar å få oppnemnd ei setteverje?

Det er ikkje avgifter i samband med oppnemning av setteverje. Men ei setteverje vil ha rett på verjegodtgjering og refusjon av utgifter etter vanlige regler. Dette er det som hovudregel den som har verje som betalar.  

57) Kan verja oppnemne ei setteverje?

Nei, verjefullmakt er ein personleg rett som ikkje kan delegerast vidare. Dersom det er behov for setteverje, er det Fylkesmannen som må oppnemne vedkomande. Men du kan melde frå til Fylkesmannen om behov for setteverje, og eventuelt kome med forslag til kven som kan oppnemnast.

Fast verje

58) Eg vil gjerne bli fast verje, korleis går eg fram?

Send inn søknad om å bli verje til Fylkesmannen. Du må legge fram politiattest. I tillegg vil Fylkesmannen gjere ei kredittvurdering av deg. Dersom du vert godkjent som fast verje vil du få brev frå Fylkesmannen om dette.

Når du er godkjent som fast verje, vil Fylkesmannen ta kontakt med førespurnad om konkrete verjeoppdrag.

59) Kven kan oppnemnast som fast verje?

I utgangspunktet kan kven som helst med godkjent vandelsattest, ordna økonomi og kompetanse til å ta på seg fleire verjeoppdrag bli fast verje. Det er særlig interessant om du har ein spesiell kompetanse, slik som til dømes innafor juss, økonomi eller helse- og sosialfag.

60) Kor mange oppdrag må eg ha for å reknast som fast verje?

Du bør ha kapasitet til å ta mellom 5 og 10 oppdrag før du søkjer om å bli fast verje.

Verjegodtgjering og utgiftsdekning

61) Har eg rett på godtgjering for verjeoppdraget?

Faste verjer og alminnelege (alle som ikkje er nærståande) verjer har rett på godtgjering. I særlege tilfelle kan også nærståande (forelder, barn, ektefelle, sambuar) verje har rett på godtgjering.

62) Kor mykje får eg i godtgjering?

Det vert som hovudregel gitt godtgjering etter fylgjande faste satsar pr. oppdrag pr. år

Faste verjer

Alminnelege verjer

Økonomiske forhold

Personlege forhold

Begge

Økonomiske forhold

Personlege forhold

Begge

7500

4500

10000

3500

2000

4000


I særleg krevjande tilfelle, og eksempelvis i oppstarten av eit oppdrag, kan ein få godtgjering time for time med timepris à kroner 400 for faste verjer eller 200 for alminnelege verjer.

Faste verjer må skatte av godtgjeringa. Alminnelege verjer betalar ikkje skatt av godtgjeringa. 

Som hovudregel har ikkje nærståande (ektefelle, sambuar, barn, foreldre) rett på godtgjering, men kan få det i særleg krevjande tilfelle.

63) Kan eg betale godtgjering til meg sjølv frå verjekonto?

Nei. Du må søke til Fylkesmannen om godkjenning av kravet om godtgjering. Etter vedtak der fylkesmannen har godkjent godtgjering kan dette trekkast frå verjekonto.

64) Kven betalar for verjegodtgjeringa?

Hovudregelen er at personen med verje dekker godtgjeringa. Dersom han eller ho har inntekt tilsvarande minstepensjon og formue under 50.000 kroner betalar Fylkesmannen godtgjering til verja.

65) Har eg rett til å få refundert utgifter?

Hovudregelen er at du har rett til å få refundert 1.000 kroner i året for utgifter du har hatt som verje. Dersom du brukar meir enn dette, kan du få refundert meir. Dette må dokumenterast med kvittering.

66) Korleis søker eg om verjegodtgjering og utgiftsdekning?

Send inn skjemaet «Søknad om verjegodtgjering». Dersom du har avtale om godtgjering time for time, må du leggje ved detaljert timeliste.

67) Må eg skatte av verjegodtgjeringa?

Faste verjer må skatte av godtgjeringa. Alminnelege verjer skattar ikkje av godtgjeringa.    

Dødsfall og arv

68) Verja er død, kva gjer eg?

Då må det oppnemnast ei ny verje. Fylkesmannen bed deg melde frå, slik at vi får starte dette arbeidet. Meldingskjema mindreårig, begjæringsskjema eller melding om behov for verjemål-skjema kan nyttast.

69) Eg er verje. Personen eg er verje for er nyleg død. Kva gjer eg?

Oppgåva som verje opphøyrer ved dødsfallet. Lever rekneskap (t.o.m dødsdato), verjefullmakt og eventuelt krav om godtgjering til Fylkesmannen. NB! Fylkesmannen si forvaltning av finansielle midlar opphøyrer også ved dødsfallet. Etter vedtak om godtgjering frå Fylkesmannen, må vedtak + krav om godtgjering rettast til buet.

70) Eit familiemedlem som var under verjemål, er nyleg død. Fylkesmannen forvalta pengar for vedkomande. Kan eg ta ut pengar frå kontoen?

Nei. Fylkesmannen sin disposisjonsrett over midlane opphøyrer ved dødsfallet. Det er fullmektigen i dødsbuet (den med skifteattest ved privat skifte), eller bustyrar (ved offentleg skifte) som med attest frå tingretten kan gå i banken og avslutte konto.

71) Eg og han eg er verje for, er begge arvingar i same dødsbu. Kan eg skrive under for han?

Nei, du vil sannsynlegvis vere inhabil og det må oppnemnast setteverje med mandat til å vurdere skifteform (offentleg eller privat skifte). Setteverja vil ivareta personen med verje sine interesser ved skiftet. Meld frå til Fylkesmannen om behov for setteverje. Begjæringsskjema, melding om behov for verjemål eller meldingsskjema mindreårig kan nyttast.

72) Kan eg skrive testament eller endre testamentet for personen eg er verje for?

Nei.

Opphøyr / endring av verjemål

73) Eg ynskjer ikkje lenger å ha verje, kva gjer eg?

Send inn ei melding til Fylkesmannen om at du ikkje vil ha verje. Dersom helsetilstanden har endra seg er det fint viss du leggjer ved legeerklæring som stadfestar dette, eller annan dokumentasjon.

Verjemålet skal opphevast dersom det ikkje lenger er behov for verjemål eller når helsetilstanden har betra seg. Dersom personar direkte motset seg verjemålet, og dette er uttrykk for hans eller hennar vilje, skal verjemålet opphevast med mindre verjehavar er fråteke den rettslege handleevna si.


74) Eg er misfornøgd med ei verje, kva gjer eg?

Vi rår til å fyrst prøve å løyse konflikten med verja. Kanskje føreligg det ei misforståing, eller at oppgåva kan løysast på ein annan måte. Dialog er derfor viktig.

Dersom konflikten ikkje vert løyst, kan ein vurdere å gjere endringar i verjemålet.  Fylkesmannen skal ta i frå ei verje oppdraget dersom det er til det beste for den som er under verjemål, eller omsynet til den som er under verjemål gjer det nødvendig.


75) Eg er verje, men ynskjer ikkje lenger å vere det, kva gjer eg?

Å vere verje er frivillig. Du kan med rimeleg varsel til Fylkesmannen sei opp oppdraget. Dette treng ikkje grunngjevast. Har du forslag til kven som kan overta som verje vil vi gjerne ha informasjon om det.  

Du er ikkje friteken frå oppdraget før Fylkesmannen har fatta vedtak om det.

76) Eg er verje og treng utviding av mandatet, kva gjer eg?

Då kan du krevje endring i verjemålet ved å sende inn begjæringsskjema. Opplys om kvifor det er nødvendig å utvide mandatet. Dersom det er mogeleg, bør behovet for endring  dokumenterast, til dømes ved brev frå kommunen i samband med planlagde tvangstiltak, legeerklæring eller liknande.