Verja si rolle

Samtale mellom mann og dame. Verja skal ivareta interessene til den personen ein er verje for.
Samtale mellom mann og dame. Verja skal ivareta interessene til den personen ein er verje for. (Foto: Pixabay)

Verja skal ivareta interessene til den personen ein er verje for. Oppdraget skal utførast etter gjeldande lover, reglar og mandat gitt av Fylkesmannen, for å sikre at interessene til personen med verje blir tatt hand om på best mogleg måte.

Oppdraget skal utførast slik at det er tilpassa hjelpebehovet til personen med verje, og den hjelpa verja gir, skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.

Eit verjemål kan gjelde både det økonomiske og personlege område. Døme på økonomiske forhold er at verja brukar dei løpande inntektene til å dekke utgiftene til person med verje, t.d.  husleige, straum, forsikring, telefon, mat, vedlikehald, klede, og frisør. Personlege forhold kan omfatte alle former for representasjon og ivaretaking av rettar utover økonomiske forhold. T.d. søkje om trygde- og sosialstønader, klage på vedtak frå offentlege forvaltningsorgan, møte med offentlege instansar, og sikre at personen med verje får det han/ho har krav på.

Verja står under tilsyn av Fylkesmannen, og bør rådføre seg med Fylkesmannen når ho/han er i tvil, eller når det er snakk om særlege viktige avgjerder for personen som har verje, jf. verjemålslova § 47.

Verjehandboka kan vere eit nyttig hjelpemiddel for verja, der finn ein informasjon om teieplikt, meldingar om flytting, omdrassering av post, spesielle forhold ved testament med meir. Verja kan også finne meir utfyllande opplysningar om korleis oppdraget skal utførast på vergemålsportalen.


Dokumenter

Kontaktinformasjon

Finn du ikkje informasjonen du treng på nettsida? Sjå først på sida ofte stilte spørsmål.

 

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

fmvlpost@fylkesmannen.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 1200-1400.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Liv Sørevik, seksjonsleiar


Ane Hatletveit
Anne Mari Aase
Anne Siri Nytveit
Elin Halrynjo
Gunn Anita Krydsby
Henriette Klingenberg
Idunn Brandshaug Horvei
Jeaneth Bjørndal
Karine Menes Helset
Karsten Grimstad
Kjersti Pedersen
Kjersti Solheim Eide
Kristine Tveitane Hansen
Kristoffer Mellingen
Laila Bugge Dahle
Linda Antonesen
Marianne Ingebrigtsen
Monica Nes
Nina Golten Andersen
Pia Henriette Davanger Angel

Rikard Fadnes
Rune Rivedal
Serine Margareth Ammerud Lautizen
Silje Kristin Hagerup Mølmesdal
Siri Monclair
Stian Stensrud
Tom Debu Nesvåg
Tone Nærum
Trond Morten Krey