Bank, forvaltning og bruk av kapital

Når ein person får oppnemnt verje skal Statsforvaltaren som hovudregel forvalte midlar for vedkomande. Dersom mindreårige har formue skal vi også forvalte midlar på vegner av barnet.

Med midlar meiner vi bankinnskot, aksjar, fond, verdipapir og liknande. Midlane skal plasserast på ein bankkonto i eigar sitt namn, som berre vi disponerer. Dette gjer vi for å sikre at midlane til verjehavar og barnet blir ivaretatt på ein god måte.

Når skal vi forvalte midlar for verjehavar?

Forvaltning av midlar for vaksne

Forvaltning av midlar for mindreårige

BSU-konto

Aksjar, fond, verdipapir

Gåvebrev og testament

Klagerett

Når skal vi forvalte midlar for verjehavar?

Det er sett ei beløpsgrensa for når vi pliktar å forvalte midlar. Grensa er satt til to gonger folketrygdas grunnbeløp (2G). Grunnbeløpet blir justert kvart år og vi held oss til kva grensa er per 1. januar kvart år.

Forvaltning av midlar for vaksne

Verje kan som hovudregel forvalte midlar opp til 2G på vegner av verjehavar. Statsforvaltaren skal forvalte det resterande.

Vi kan berre ta midlar til forvaltning om verjehavar samtykkjer til dette, så sant verjehavar forstår kva samtykket betyr.

Om det ligg føre særlege grunnar, kan vi la vere å ta midlar på over 2G til forvaltning. Vi kan òg vurdere å ta midlar som ikkje er på over 2G til forvaltning. 

Forvaltning av midlar for mindreårige

Dersom mindreårige får eller har midlar over 2G, skal vi som hovudregel forvalte heile beløpet på vegner av den mindreårige.

Om det ligg føre særlege grunnar, kan vi la vere å forvalte midlar over 2G, til dømes om den mindreårige arvar eit større beløp rett før myndigheitsalder. 

Vi kan og ta midlar under 2G til forvaltning om det ligg føre særlege grunner til dette.

Døme på dette er saker der

  • ein av foreldra har underhaldsbidrag og barnet har flytta til skyldnar eller barnevernet har teke over omsorga
  • ein av foreldra er skadevaldar og det er tilkjent valdsoffererstatning
  • barnet får utbetalt barnepensjon og gjenlevande forelder ikkje har den daglege omsorga.

BSU-konto

Dersom noko av midlane er plassert på BSU-konto vil vi som hovudregel ikkje krevje at kontoen blir avslutta og beløpet overført til oss. Årsaka til dette er at ein ikkje kan ta ut midlar frå denne kontoen, med mindre dei skal gå til kjøp av bustad.

Vi kan godkjenne at verje opprettar BSU-konto for verjehavar eller den mindreårige. Kontoen må opprettast i ein av dei bankane som vi har avtale med. Verje kan då søkje om å få overført midlar frå konto som vi disponerer og til BSU-konto.

Aksjar, fond, verdipapir 

Det er ikkje mogeleg for verje å plassere midlar tilhøyrande verjehavar eller den mindreårige i aksjar, fond eller verdipapir.

Dersom verjehavar eller den mindreårige allereie har midlar plassert i aksjar, fond og verdipapir, og vi skal forvalte midlar, vil vi ta råderettsband på midlane.

Råderettsband betyr at verje ikkje kan løyse ut aksjar, fond eller verdipapir, utan samtykke frå oss.

Gåvebrev og testament

Verjahavar kan gjennom eit gåvebrev eller i eit testament bestemme at gåva eller arva ikkje skal forvaltast av oss, sjølv om beløpet er over 2G.

Pliktdelsarva vil likevel som hovudregel ikkje kunne haldast utanfor vår forvaltning.

Det er viktig at verjehavar sitt ønske er skriftleg og datert. Det må kome klart fram at beløpet ikkje skal forvaltast av oss og at det ikkje skal vere rekneskapsplikt på midlane.

Klagerett

Dersom verje eller verjehavar er usamd i vedtaket, kan ein sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast inn innan tre veker frå ein har fått vedtaket.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar