Tilsyn med Lindås kommune -kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Fylkesmannen skal i 2019 gjennomføre tilsyn med kommunen si forvaltning av introduksjonslova § 6 og § 19 første ledd, samt forvaltingslova sine føresegner om enkeltvedtak knytt til desse paragrafane.

Tilsynet vil omfatte om kommunen sikrar:

  • utarbeiding av individuelle planar i tråd med lovkrava i § 6 og § 19 første ledd som fastsetjast ved enkeltvedtak
  • at den individuelle planen er individuelt tilpassa og utarbeidd i samråd med deltakar
  • at den individuelle planen inneheld start på programmet, tidsfasar og oversikt over tiltaka i programmet
  • at planen takast opp til ny vurdering med jamne mellomrom og ved vesentleg endring i deltakaren sin livssituasjon
  • at vesentlege endringar i den individuelle planen vert fastsett ved enkeltvedtak

Kommunen vil få ein rimeleg frist (inntil tre månader) til å rette opp eventuelle regelverksbrot som måtte gå fram av tilsynsrapporten.

Dato:
11. juni 2019 - 21. november 2019
Sted:
Dokumenttilsyn
Ansvarlig:
Fylkesmannen v/ Andreas Bratshaug Stenersen
Målgruppe:
Kommunen

Dokumenter