Opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Tilskottet skal bidra med finansiering og stimulere kommunane til å gje grunnskuleopplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg.

Søk tilskott til opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Søk tilskott til opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Grunnskuleopplæring

Barn og unge asylsøkjarar og barn og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt grunnskuleopplæring. Elevar i alderen 16-18 år utløyser statstilskott. Fyller eleven 18 år i løpet av skuletida blir det gitt tilskott ut dette skuleåret. Kommunane søker Fylkesmannen om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkjaren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort.

Omlegging av tilskott til grunnskuleopplæring frå hausten 2018 (skuleåret 2018-2019)

Utdanningsdirektoratet overtar forvaltninga av tilskottet for aldersgruppa 6-15 år frå hausten 2018 (skuleåret 2018-2019). Kommunane skal då ikkje lenger sende søknad om tilskott for denne aldersgruppa. Utdanningsdirektoratet vil utbetale tilskott til kommunane basert på faktisk innrapportert belegg frå Utlendingsdirektoratet for aldersgruppa 6-15 år. Tilskott for aldersgruppa 6-15 år blir utbetalt innan februar 2019.

Vidaregåande opplæring

Unge asylsøkjarar og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det er eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt vidaregåande opplæring. Fyller eleven 18 år i løpet av året blir det gitt tilskott ut dette skuleåret. Fylkeskommunen søker Fylkesmannen om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkjaren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort. Opplæring etter opplæringslova § 4a-1 andre ledd ("meir grunnskule") utløyser ikkje tilskott over denne tilskottsordninga.

Du finn lenke til meir informasjon og søknadsskjema i høgremenyen.

Søknadsfrist:
15.09.2019 23:00:00
Målgruppe:
Barn og unge som søkjer opphald i Noreg
Ansvarlig:
Fylkesmannen v/ Haldis Liv Håpoldøy
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen

Kontaktpersoner