Midlar frå klima- og miljøprogrammet 2019

Tilskotsordninga gjeld praktisk retta prosjekt som bidreg med kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima.

Fylkesmannen forvaltar midlane som går til fylkesvise tiltak. Ramma for 2019 er på kr. 876 000. Utfylling av søknad skal gjerast i Altinn med innlogging via ID-porten.

Formålet med tilskotsordninga

Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

  • at produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av naturmangfald
  • å auke landbruket sitt miljøbidrag, som t.d. å ta vare på kulturlandskap, kulturminne, biologisk mangfald, binding av karbon og produksjon av biogass
  • å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til eit endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på produksjonsressursane

Kven kan søkje?

 Alle som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. I første rekke vil dette vere:

  • fag- eller næringsorganisasjonar
  • regionale og lokale lag og foreiningar
  • kompetansebedrifter, utgreiings- og forskingsmiljø (institusjonar)
  • kommunar
  • andre føretak

Prioriteringar i 2019

I 2019 vil prosjekt som bidreg til å styrke kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis, klimautfordringar og teknologisatsing i jordbruket bli prioriterte.

Aktuelle faglege tema kan til dømes vere:

Klimatilpassing      

  • Gjødsling, jordpakking, hausting, dyre- og plantemateriale til endra klimatilhøve, dekkesystem for frukt og bær
  • Førebygging av skade på jord og avling; hydroteknikk, hausteutstyr, driftsopplegg

Klimagassutslepp og karbonbinding

  • Redusere utslepp av metan frå husdyr og husdyrgjødsel, lystgass frå jord og CO2 frå nedbryting av karbon i jord og frå fossile energikjelder i gardsdrifta
  • Karbonbinding i dyrka jord
  • Samanheng mellom reduserte utslepp, god agronomi og økonomi

Naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet

  • Styrking og synleggjering av kulturlandskap og biologisk mangfald i kombinasjon med vanlig jordbruksdrift
  • God praksis for istandsetting og skjøtsel av kulturminne og utvalde naturtypar, verneområde og prioriterte artar
  • Informasjon om landbruket sitt bidrag til naturmangfald, kulturlandskap og varetaking av kulturminne

Forureining til vatn, jord og luft

  • Lagring og handtering av husdyrgjødsel, jordarbeiding, plantevern i frukt og grovfôr, erosjon, arealavrenning, drenering, kantvegetasjon og fagdommar.
  • Tiltak som støtter opp om godkjente vassforvaltingsplanar.
  • Faktabasert kunnskapsgrunnlag rundt forureiningskjelder og effekt av tiltak, for å kunne gi god oppslutning om nødvendige tiltak.

Søknadsfristen er 1. april.

All informasjon om søknad finn du her: www.landbruksdirektoratet.no/no/lenker/agros/kmfylke

Søknadsfrist:
01.04.2019 23:55:00
Målgruppe:
Alle som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Hvem kan søke:
Alle som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling