Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2019

Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot er midlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og innovasjon– og utviklingsarbeid ut frå lokale føresetnadar og behov.

Målet for ordninga

Målet er å styrke kommunane sine evner og mogelegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane ut frå lokal føresetnad og behov.

Primærmålgruppe

Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta, inklusiv psykisk helse og rustenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale etatar vere målgruppe (f.eks. NAV, barnevernsteneste, barnehage og skular).

Sekundærgruppe

Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenestar, inklusive psykisk helse- og rustenesta og  deira pårørande.

Tildelingskriterier

Skjønsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåiing.

Sjå meir om ordninga på https://helsedirektoratet.no/tilskudd/kommunalt-kompetanse-og-innovasjonstilskudd

Søknad skal sendast til: fmvlpost@fylkesmannen.no innan 22. mars 2019.

 

Søknadsfrist:
22.03.2019 23:59:00
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
Ansvarlig:
Fylkesmannen
Hvem kan søke:
Statlege mottakarar (nettobudsjetterte verksemder), kommunar og fylkeskommunar. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillg sektor eller andre aktørar.
Rapporteringsfrist:
22.03.2020 23:59:00